George Stubbs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
George Stubbs

Sjølvportrett, 1781
Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Storbritannia
Fødd 24. august 1724
Liverpool
Død

10. juli 1806 (81 år)
London

Yrke kunstmålar, faglitterær forfattar, teiknar, bygningstegner, grafikar
Sjanger sjangermåleri, historiemåleri, landskapsmåleri, portrett, dyremåleri
Medlem av Royal Academy of Arts
George Stubbs på Commons

George Stubbs (25. august 172410. juli 1806) var ein britisk målar, særleg kjend for sine mange måleri av hestar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Stubbs var fødd i Liverpool, son til ein hestepassar. Sjølv var han lærling hos målaren og gravøren Hamlet Winstanley i Lancashire, men slutta snart i tenesta då han meinte han einast fekk lage kopiar av ulike verk. På 1740-talet arbeidde han som portrettmålar i Nord-England, og frå omkring 1745 til 1751 studerte han den menneskelege anatomien på sjukehuset York County Hospital.

År 1755 reiste Stubbs ein tur til Italia. Seinare på 1750-talet leigde han eit stutteri i Lincolnshire, der han i 18 månader dreiv på med å dissekere hestar. Han flytta til London omkring 1759. Sju år seinare publiserte han The anatomy of the Horse (Hestens anatomi).

Whistlejacket, ca 1762

Same året som Stubbs kom til London, 1759, bestilte den tredje hertugen av Richmond tre store måleri av han. Desse måleria vart avgjerande for livet hans. Fram til 1763 laga han måleri til fleire hertugar og andre lordar, nok til at han kunne kjøpe eit hus i bydelen Marylebone i London. Der han levde resten av livet.

Gjennom 1760-talet måla Stubbs mange ulike individuelle og gruppe-portrett av hestar, av til saman med hundar. Han måla til og med hestar saman med stallgutar. I same perioden fekk han bestillingar på portrett av både einskild-personar og grupper av menneske. På oppdrag frå privatpersonar måla Stubbs også meir eksotiske dyr, så som løver, tigrar, sjiraffar, aper og nashorn. Han måla fleire bilete av ein villhest som var truga av ei løve, og han laga ulike variantar over same temaet. Eitt av hans mest berømte verk er Whistlejacket, eit måleri av ein hest som stiller seg på bakbeina. Dette og to andre måleri, braut konvensjonen då det mangla utsmykka bakgrunn.

Stubbs måla også historiske motiv, men desse vart lite kjende. Frå siste delen av 1760-talet laga han nokre emalje-arbeid. Etter ynskje frå Stubbs utvikla Josiah Wedgwood på 1770-atlet ei ny og større emalje-plattel. På 1770-talet fekk han elles fleire oppdrag i å måle jaktlag med dei hundane som deltok i jakta. Frå 1761 til 1776 stilte han ut på 'Society of Artists', men gjekk i 1775 over til det nyare og meir prestisjefylte Royal Academy of Arts.

Marar og føl i eit elvelandskap, 1763-68

På 1780-talet måla Stubbs ein serie med motiv frå bondelivet; Haymakers and Reapers (Slåttefolk og kornbergarar). I 1791 måla han kong Georg III av Storbritannia på ein hesterygg. Hans siste prosjekt tok til i 1795, det gjekk ut på å samanlikne anatomien hos mennesket, tigeren og ein vanleg fugl.

Han døydde i London, nærare 82 år gammal.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: George Stubbs

Kjelder[endre | endre wikiteksten]