George VI Sound

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
George VI Sound
sund
George Sound i Antarktis
Land  Antarktis
Stad Palmer Land
 - koordinatar 71°S 68°W / 71°S 68°W / -71; -68
Lengd 480 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
George VI Sound
71°S 68°W / 71°S 68°W / -71; -68
George VI Sound is located in Antarktis
George VI Sound (Antarktis)

George VI Sound, Canal Jorge VI, Canal Presidente Sarmiento, Canal Seaver, King George VI Sound eller King George the Sixth Sound er ei stor bukt eller forkastingssenking på aust- og sørsida av Aleksanderøya. Sundet er kring 480 km langt og er forma som ein J. Sundet ligg mellom Aleksanderøya og Palmer Land, ved den sørlege delen av Den antarktiske halvøya og English Coast. Fleire innsjøar ligg ved sundet og desse mottar store mengder is som strøymer frå George VI isbrem og ut i desse innsjøane. Somme av desse er Hodgson Lake, Moutonnee Lake og Ablation Lake. Fleire isbrear renn austover og ut i sundet frå austsida av det indre av Aleksanderøya. Dei fleste av desse isbreane ligg sør for Planet Heights, der alle isbreane er kalla opp etter månar, satellittar og planetar i solsystemet.

George VI Sound er i stor grad dekt av George VI isbrem og isen er mellom 24 km til meir enn 64 km brei. George VI Sound vart oppdaga av Lincoln Ellsworth på ein flytur over området i 1935. George VI Sound vart utforska av British Graham Land Expedition (BGLE) i 1936-1937 og av United States Antarctic Service (USAS) i 1940. George VI Sound vart namngjeven av John Riddoch Rymill, leiaren for BGLE, etter Georg VI, som då var konge i Storbritannia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]