George Vancouver
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
George Vancouver blei fødd i England i 1757. Han blei berre 41 år gammal og døydde i 1798, men rakk likevel å få namnet sitt i historia.
Vancouver blei sjøoffiser og oppdagar. Allereie i 13-årsalderen gjekk han inn i marinen og deltok på James Cook sin andre og tredje ekspedisjon jorda rundt. I 1791 leia han ein ekspedisjon som utforska Nord-Amerika sin stillehavskyst. Han brukte tre år på denne oppgåva.
George Vancouver var den første som sigla rundt den store øya Vancouver Island, som saman med byen Vancouver seinare skulle bli kalla opp etter han. Eigenleg stammar namnet frå van Coevorden, ei slekt frå byen Coevorden i nordaustre Nederland.[1]
