George Washington

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
George Washington
Portrait of George Washington.jpeg
President i USA
Regjeringstid 30. april 17894. mars 1797
Fødd 22. februar 1732 i Westmoreland County i kolonien Virginia
Død 14. desember 1799 i Mount Vernon i delstaten Virginia
Føregjengar Ingen
Gift med Martha Washington
Born Ingen

George Washington (22. februar 173214. desember 1799) var den fyrste presidenten i USA. Han sat som president frå 1789 til 1797. I tillegg til rolla som politikar var Washington også plantasjeeigar og militærleiar.

Oppkalla etter George Washington[endre | endre wikiteksten]

Hovudstaden i USA, Washington, DC, er oppkalla etter han. District of Columbia vart oppretta gjennom et vedtak i kongressen i 1790. Washington var mykje med på opprettinga, irekna plassering av det kvite huset. Washington-monumentet er eit av dei mest kjende landemerka i byen og vart bygd til ære for han. Universitetet George Washington University vart oppkalla etter han. Det økonomiske grunnlaget for universitetet var mellom anna aksjar som George Washington hadde gjeve for å oppretta eit nasjonalt universitet i byen.

Delstaten Washington ligg nord i USA på Stillehavskysten. Han er den einaste delstaten som er oppkalla etter ein president.

Washington valde West Point i New York til stad for militærakademiet i USA. Marinen i USA har oppkalla tre skip etter president Washington.

Andre døme inkluderer George Washington Bridge, som går mellom New York City og New Jersey.

Spire Denne historieartikkelen som har med USA å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.