Georges Bataille

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Georges Bataille

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 10. september 1897
Billom
Død

9. juli 1962 (64 år)
Paris

Yrke bibliotekar, skribent, teiknar, filosof
Språk fransk
Religion ateisme
Ektefelle Sylvia Bataille, Diane Kotchoubey de Beauharnais
Partnar Colette Peignot, Denise Rollin
Georges Bataille på Commons

Georges Bataille (10. september 18979. juli 1962) var ein fransk forfattar, antropolog og filosof. Han nytta òg pseudonyma Pierre Angélique, Lord Auch og Louis Trente, og er særleg kjend for erotiske og grenseoverskridande skildringar med eit morbid tilsnitt.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bataille var fødd i Billom i Auvergne. Fyrst tenkte han å studere til presteskap og gjekk då på eit katolsk presteseminar, men forneka trua si i 1922. Han har ofte vore sitert på å seia at han såg på bordella i Paris som sine eigentlege kyrkjer, eit konsept ein finn igjen i verka hans.

I byrjinga av 1930-åra vart Bataille medlem av Cercle communiste démocratique (Den kommunistiske demokratiske krinsen), skipa og styrt av Boris Souvarine, og han skreiv for denne rørslas tidsskrift La Critique sociale (Sosialkritikken). For å sleppe å ha tankane sine som arbeid, tok han i 1949 ei stilling som bibliotekar på Bibliothèque Inguimbertine i Carpentras (Vaucluse i Provence-Alpes-Côte d'Azur).

Bataille er grunnleggjar av fleire tidsskrift og forfattargrupper. Verka hans er rike i tal og forskjellige i tematikk, han skreiv mellom anna tolkningar, dikt og essay om dikting, kunst og erotisisme. Somme tider nytta han pseudonym og nokre av publikasjonane hans vart forbodne. I si eiga tid vart han ignorert og forakta av samtidige som Jean-Paul Sartre som ein forfektar for mystisisme, men posthumt hadde han sterk innverknad på dekonstruktivistar som Michel Foucault, Philippe Sollers og Jacques Derrida som alle var tilknytte tidsskriftet Tel Quel. Ein kan finne innverknad i Jean Baudrillard sine verk so vel som i Jacques Lacan sine psykoanalytiske teoriar.

Tidleg vart han tiltrekt til surrealismen, men vart uven med grunnleggjaren André Breton. Likevel pleia han eit vennskapeleg forhald til dei etter andre verdskrigen. Mellom dei to verdskrigane var han medlem av den veldig innflytningsrike franske skulen Collège de Sociologie der andre fråfalne surrealistar var medlem. Dei som gjorde størst innflytning på Bataille var m.a. Hegel, Freud, Marx, Marcel Mauss, Marquis de Sade, Alexandre Kojève og Friedrich Nietzsche. Nietzsche forsvarte han i eit merkverdig essay mot ei tilegning til naziane.

For å driva fram ein ny religion skipa han ei hemmeleg foreining Acéphale, som hadde som mål å skape «samfunnet for dei som ikkje hadde eit samfunn», og eit stuttliva offentleg tidsskrift med same namnet. Tidsskriftet Acéphale kom ut fyrste gongen 24. juni 1936 med berre åtte sider, og med ein framsideteikning av André Masson som tydeleg peika attende på Leonardo da Vincis vidgjetne framstilling av dei harmoniske tilhøva mellom ein naken manns kropp, armer og bein (Den vitruviske mann), men her med avhogd hovud og kjønnsorganet omgjort til dauinghovud. Bataille hadde ein fascinasjon for menneskeofringsritual, og hadde mora seg med å syne fram bilete av menneskeofringar for gjester på kafear i Paris i det same dei skulle setje seg til bordet. Boka L’Histoire de l'œil som han skreiv om lag 1926 (omsett til norsk), hadde som tema fantasiar av morbid-seksuell art.

Dei viktigaste verka[endre | endre wikiteksten]

  • Les Monnaies des grands Mogols, Paris, J. Florange éditeur,(1927).
  • Histoire de l'œil, 1928 (under pseudonymet Lord Auch).
  • L'Anus solaire ,1931.
  • Sacrifices, (mellom 1922 og 1940)
  • Madame Edwarda, 1937 (under pseudonymet Pierre Angélique).
  • L'Expérience intérieure, 1943.
  • Le Petit (under pseudonymet Louis Trente), 1943.
  • Le Coupable, 1943.
  • La Part maudite, 1949.
  • L'Abbé C., 1950.
  • La Peinture préhistorique. Lascaux, ou la Naissance de l'art, 1955
  • Le Bleu du ciel, 1957 (skrive i 1935).
  • L'Érotisme, 1957.
  • La Littérature et le Mal, 1957.
  • Les Larmes d'Éros, 1961.
  • L'Impossible, 1962 (som kom ut fyrste gongen i 1947 under tittelen La haine de la poésie)
  • Ma mère, 1966 (posthumt og uferdig).
  • Le Mort, Jean-Jacques Pauvert Éditeur, 1967
  • Théorie de la religion, Texte établi et présenté par Thadée Klossowski, Tel Gallimard, 1973.
  • Œuvres complètes. (Samla verk). Paris, Gallimard, XII band, 1970-1988.
  • Romans et récits. Forord ved Denis Hollier, redaksjon ved Jean-François Louette. Gallimard, "Bibliothèque de la Pléiade", 2004.
  • L'Archangélique et autres poèmes. Gallimard, NRF/Poésies, 2008.
  • Le Souverain, Fata Morgana, 2010

Tidsskrift[endre | endre wikiteksten]

Bataille har spela ei viktig rolle i fylgjande tidsskrift:

  • Documents, (1929-1931), der han mellom anna kritiserte André Breton og surrealismen.
  • Acéphale, (1936-1939), distribuert i stor skala etter ein sams idé av Bataille og André Masson.
  • Critique, skipa av Georges Bataille i 1946 på forlaget éditions du Chêne.