Georges Bernanos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Minnesmerke på bygningen i Paris kvar Bernanos blei fødd

Georges Bernanos (fødd 20. februar 1888 i Paris, død 5. juli 1948 i Neuilly-sur-Seine) var ein fransk forfattar med rojalistiske og katolske sympatiar.

Bernanos blei fødd i Paris, men budde mesteparten av oppveksten på eit gammalt gods som tilhøyrde faren i den vesle landsbyen Fressin. Familien hans stamma opphavleg frå Spania. Han gjekk på ein jesuittskule, og blei seinare innrullert ved Institut Catholique de Paris og ved Universitetet i Paris. Ved sistnemnte fekk han eit lisensiat i jus og i språk. Under første verdskrigen tenestegjorde han som korporal, blei såra og mottok Croix de Guerre. Han gifta seg i 1917 med ei kvinne av ei slekt som hevda å vere i slektskap med Jeanne d'Arc og saman fekk dei seks barn.

Bernanos blei oppdaga av Leon Daudet, direktøren av Action française, og gav ut debutromanen, Under Satans Sol (Sous le soleil de Satan) i 1926, medan han arbeidde i eit forsikringsselskap. I 1936 vann han Grand Prix du roman de l'Académie française for det kanskje mest kjente verket sitt, En landsbyprests dagbok (Le Journal d'un cure de Campagne), som har blitt omsett til fleire språk. Ved utbrotet av den spanske borgarkrigen i 1936 budde Bernanos i Palma og opplevde valden på nært hald. Konflikten motiverte han til å skrive les Grandes Cimetieres Sous la Lune. Boka vekte oppsikt fordi Bernanos som truande katolikk kritiserte Den katolske kyrkja for å støtte Franco. Kyrkja truga med å ekskommunisere Bernanos, medan han blei hylla av forfattarar som Simone Weill og André Malraux.[1] I 1937 flytta han attende til Frankrike, men blei sjuk. Berre eit år seinare flytta han til Sør-Amerika, først til Paraguay, sidan vidare til Brasil, kvar han slo seg ned på ein avsidesliggande farm. Etter at andre verdskrigen var slutt flytta han igjen attende til Frankrike, kvar han døydde i 1948.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Georges Bernanos (1888-1948)» av Matthew Hoen på catholicauthors.com

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sven Kærup Bjørneboe (1980) «Biografi» – i: Alt håp til rebellene. Bernanos ved Sven Kærup Bjørneboe, s. 180 – Gyldendal norsk forlag, Oslo.
Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.