Georges Guétary

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Georges Guétary
Georges Guétary.jpg
Georges Guétary
Fødd 8. februar 1915 i Alexandria i Egypt
Død 13. september 1997 i Mougins i Frankrike
Yrke Skodespelar og songar

Georges Guétary (8. februar 191513. september 1997) var ein gresk-fransk skodespelar og songar.

Artisten blei fødd som Lambros Worloou i ein gresk familie i den egyptiske byen Alexandria. Han blei adoptert av den barnlause onkelen sin, Tasso Janopoulo, ein musikar som budde i Frankrike. Her blei sangstemmen hans lagt merke til. Han debuterte som songar med orkesteret leia av Jo Bouillon. I 1937 blei han oppdaga av Henri Varna og gjeven ei rolle ved revyhuset Casino de Paris saman med stjerna Mistinguett.

Under andre verdskrigen var det vanskeleg å vera utlending i Vichy-Frankrike. Worloou forsørga seg som hovmeister i Toulouse. Her blei han kjend med akkordeonspelaren Fredo Gardoni som engasjerte han som songar og mogleggjorde hans første utgjeving, under kusntnarnamnet Georges Guétary. Etternamnet kom frå den baskiske kommunen Guéthary heilt sørvest i Frankrike.

Han byrja eit samarbeid med komponisten Francis Lopez som førte til fleire krigsslagerar, som «Caballero» og «Robin des Bois», og «A Honolulu», som var populær ved frigjeringa. I 1945 spelte Guétary inn filmen Le Cavalier noir, også her med ei rekkje godt likte songar, og i 1946 Les Aventures de Casanova regissert av Jean Boyer. Han blei fransk statsborgar i 1950.

Etter verdskrigen stod Guétary på scenen også i London og New York. For rolla si i operetten Bless the Bride i London, som han spelte mot Lizbeth Webb, fekk han gode kritikkar, og stykket blei ein publikumssuksess med nær tusen framføringar.

I 1950 opptredde han på Broadway i Arms and the Girl saman med Nanette Fabray. For rolla fekk han Tony-prisen for beste utanlandske artist. I 1951 spelte han mot Gene Kelly i filmen An American in Paris som ein aldrande kabaretartist, ei rolle som eigentleg var tiltenkt Maurice Chevalier.

Guétary spelte så inn fleire operetter med vekslande suksess: Pacifico (1958), La Polka des lampions (1962), Monsieur Carnaval (1965, med musikk av Charles Aznavour), Monsieur Pompadour (1971) og Les Aventures de Tom Jones(1974). I 1981 fornya han samarbeidet med Francis Lopez i den nye og temmeleg godt likte operetten Aventure à Monte-Carlo.

Guétary var gift med fjernsynsprodusenten Janine Guyon. Dei hadde to barn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]