Georges Liautaud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Georges Liautaud (fødd 1899 i Croix des Bouquets i Haiti, død 1991) var ein haitisk skulptør. Han var opphavleg smed og laga mellom anna krossar til den lokale kyrkjegarden. Det var desse den amerikanske målaren Dewitt Peters og Antonio Joseph la merke til i 1955. Dei spurde seg for om kvar jernkrossane kom frå, og vart vist til den lokale smeden, Liautaud. Han forklarte då at dei høyrde til gravene til voodooutøvarar og tilbydde å lage nokre til gjestene sine. Det var ikkje berre byrjinga på ein lang karriere for Liautaud, for han danna også skule for framtidige kunstnarar i Haiti som har arbeidd med metall.

Etter kvart byrja han å gjere utskjeringar i gamle oljefat og skrapmetall, som ein til dømes kan sjå i Crucifixion (1959, Art Museum of the Americas i Washington, D.C.) Verktøya han brukte, var handmeisel og baufil. Teknikken kravde fysisk styrke og gav ei grov form som han deretter fila og jamna ut. Av og til varma han også opp metallet og hamra det til. Kunstforma hans er i dag førd vidare av kunstnarar som Serge Jolimeau og Gabriel Bien-Aime.

Kjelder [endre]