Georges Marchais
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Georges Marchais (7. juni 1920–16. november 1997) var ein fransk politikar, som i åra 1970–1994 var generalsekretær i Det franske kommunistpartiet, Parti Communiste Francais (PCF).
Han var ein av forgrunnsfigurane i det internasjonale politiske straumdraget som vart kalla eurokommunisme, saman med Enrico Berlinguer og Santiago Carillo. Han var kommunistpartiet sin kandidat ved presidentvalet i 1981, og det var etter dette valet at PCF bestemte seg for å gå inn i den første regjeringa til Francois Mitterand frå Det franske sosialistpartiet (Parti Socialiste) (PS). Marchais gjekk av som generalsekretær i 1994, og vart etterfølgd av Robert Hue.
Kjelde [endre]
Den spanskspråklege wikipediaen, art. med same namnet.