Georges Seurat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Georges Seurat i 1888
Georges Seurat 004.jpg
Ein søndagsettermiddag på øya La Grande Jatte, 1884-86
Sirkusforestillinga, 1887-88
Can-Can (Le Chahut), 1889-90
Sirkuset, 1891

Georges-Pierre Seurat (2. desember 185929. mars 1891) var ein fransk målar og kunsthandverkar. Han er særleg kjend for sine nyskapande teikne-media og for å ha funne opp måleteknikken som vert kalla for pointillisme. Storskala-verket Ein søndagsettermiddag på øya La Grande Jatte (1884-86) endra retninga på moderne målarkunst, ved å sette i sving den neo-impresjonistiske rørsla. Måleriet har ein ikonografisk plass mellom 1800-talskunsten.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Seurat var fødd i Paris. Far hans var ein pensjonert rettstenar, som hadde spara i hop ein liten formue. Familien til mor høyrde heime mellom middelstanden. Mellom 1869 og 1876 gjekk Seurat på ulike gymnas, under Pariskommunen våren 1871 forlet Seurat-familien Paris og budde i Fontainebleau. Gjennom skuletida fekk han innsyn i målarkunsten gjennom ein morbror som dreiv tekstilhandel og elles var amatørmålar.

Åra 1875-77 gjekk Seurat på eit teiknekurs på ein kveldsskule, kurset vart leia av bilethoggaren Justin Leqquien. På den tid var han oppteken av boka Grammatik der Zeichenkünste av Charles Blanc, der han fanga opp tanken om at fargar er underlagt lover, og som det gjeld å lære seg. På teiknekurset vart Seurat kjend med Edmond Aman-Jean, dei to vart venner og byrja i februar 1878 på målarskulen 'École des Beaux-Arts'. I mars 1878 gjekk Seurat i målarklassa til Henri Lehmann, ein lite kjend elev av Jean-Auguste-Dominique Ingres, der vart han kjend med Ernest Laurent. Ved sidan av studerte han i Louvre dei gamle meistermålarane.

Seurat slutta på 'École des Beaux-Arts' i 1879. Han bestemte seg for dette etter å ha vore på 1879-utstillinga til impresjonistane, der ein kunne sjå bilete av Edgar Degas, Camille Pissarro og Claude Monet. Seurat vende seg meir og meir bort frå dei akademiske ideala. Saman med Edmond Aman-Jean og Ernest Laurent leigde han eit atelier.

Mellom november 1879 og november 1880 gjennomførte Seurat militærtenesta si i Brest. Samstundes laga han skisser og las Die Phänomene des Sehens av David Sutters. Etter militærtenesta leigde han seg eit rom i Paris, der han sidan måla verka sine. Meir enn nokon annan kunstmålar var han oppteken av optiske problem og dreiv på med fysikk, geometri og ulike teoretiske verk.

Mellom anna studerte Seurat det arbeidet Eugène Chevreuls hadde gjort med fargane sin simultankontrast og fargekrinsen. I året 1881 la Seurat og Aman-Jean ut på ei lita reise i omlandet til Paris. Seurat heldt fram studiane sine og og undersøkte fargeteoriane til Nicholas Ogden Rood og var oppteken med dei verka Eugène Delacroix hadde laga i Saints-Agnes-kapellet av Saint-Sulpice sine forsøk med systemet av komplementærfargar. Seurat sette seg inn i læra om kontrast, rytme og masse. Basert på studiane av fargeteoriar eksperimenterte Seurat på tretavler og lerret, fyrst med fargeblandingar, sidan med separate fargeprikkar.

I 1883 fekk Seurat for fyrste, og siste, gong stille ut verk på Paris-salongen; teikninga Portrett av Aman-Jean. Året etter vart det fyrste store måleriet av Seurat, Ein badeplass ved Asnières, avvist. Straks etter vart dette biletet synt på utstillinga til ei frittståande kunstnargruppe som kalla seg 'Societé des Artistes Indépendants'.

Seurat vart kjend med Paul Signac og dei to var sidan nære venner. Gjennom Signac fekk han dei neste åra innpass i den kunstnariske avantgarden og krinsen av symbolistiske forfattarar. I motsetning til mange andre, samtidige kunstnarar var han ikkje omgjeven av ein stor beundringsskare, ei heller særleg elska av publikum. Seurat pleia kontakt med målarar innanfor den realistiske retninga, samt symbolistar og dekadentar. I 1886 stilte Seurat ut måleriet Ein sundagettermiddag på øya La Grande Jatte og ni andre verk i den siste utstillinga til impresjonistane. Målarmåten hans vart grundig og sakleg forklara av kunstkritikaren Félix Fénéon. Den belgiske diktaren Émile Verhaeren inviterte Seurat til å delta på den neste utstillinga til avantgarde-gruppa 'Les Vingt'.

Siste leveåra[endre | endre wikiteksten]

Februar 1887 tok Seurat, saman med Signac, del i opninga av utstillinga til 'Les Vingt'. Der deltok han med sju måleri. Same året gjekk han med i gruppa som Paul Signac hadde danna, dei såkalla neoimpresjonistane, der mellom andre Charles Angrand, Maximilien Luce og Albert Dubois-Pillet, ved sida av Seurat var føregangsmenn for den pointillistiske måleteknikken.

I januar 1888 stilte Seurat, i lag med kunstnarvenene sine, ut i lokala til 'Revue Indépendante', ei gruppering leia av kunstkritikaren og anarkisten Félix Fénéon. Sommaren same året reiste Seurat på Ärmelkanalen. Der laga han talrike sjøbilete. I februar året etter deltok Seurat ved to høve på utstillinga til Les Vingt i Brüssel. Indre strid førte til at Seurat meir og meir fjerna seg frå kunstnarvenene sine.

Av Jules Christophe fekk han i oppdrag å illustrere ei av bøkene i serien Les Hommes d’Aujourd’hui av Fénéon. Om sommaren heldt han seg i Gravelines, der han på ny måla sjømotiv av Nordsjøen. I 1891-utstillinga til 'Les Vingt' i Brussel deltok Seurat, der han viste biletet Can-Can (Le Chahut) og seks landskapsmåleri. I 'Salon des Indépendants' synte han det uferdige biletet Sirkuset.

Seurat døydde av difteri i mai 1891.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Georges Seurat

Kjelder[endre | endre wikiteksten]