Georgetown i Guyana
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Georgetown i Guyana | ||
|---|---|---|
| Klokka på Stabroek-marknaden i Georgetown | ||
| Styresmakter | ||
| Land | Guyana | |
| Geografi | ||
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Plassering | ||
|
|
||
Georgetown er den største byen og hovudstaden i Guyana. Han hadde i 2004 235 000 innbyggjarar og ligg ved utlaupet til elvi Demerara ved Atlanterhavet. Byen ligg under havnivået og er verna av dike. Brorparten av handelen i landet gjeng gjennom hamni i byen. Her finst tekstilindustri, sukkerfabrikkar og det vert fiska etter rekor. Byen er endepunktet for to jarnbanestrekkjor langs kysten og har eit universitet frå 1963.
Georgetown vart grunnlagd av britar i 1781. Byen vart seinare okkupert av franskmenn og nederlendarar fram til 1812. I byen er det ei anglikansk domkyrkja i tre frå 1889, og er med ei høgd på 44 meter mellom dei høgste trebygningane i verdi.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjeldor
- Store norske leksikon, snl.no, «Georgetown i Guyana» av redaksjonen