Georgij Zjukov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zjukov som ung underoffiser i 1916.

Georgij Konstantinovitsj Zjukov[1] (1. desember 189618. juni 1974) var ein sovjetisk marskalk.

Zjukov tenestegjorde i den russiske hæren som vernepliktig under den første verdskrigen. Her vart han forfremma til underoffiser og fekk to St. Georgkross på grunn av djervskap i strid. Under oktoberrevolusjonen i 1917 gjekk han inn i kommunistpartiet, og deltok på den raude sida i den russiske borgarkrigen.

I mellomkrigstida steig Zjukov stadig i gradene, og han overlevde òg utreinskingane til Stalin i 1937. I 1938 var Zjukov leiar for ei sovjetisk armégruppe i Mongolia, der han deltok i krigshandlingane mot Japan i 1939. For innsatsen her fekk han utmerkinga Helt av Sovjetunionen.

Etter den tyske invasjonen av Sovjetunionen i 1941 deltok Zjukov i forsvaret av Leningrad og i slaget om Moskva. I 1942 leidde han dei sovjetiske styrkane i motoffensiven under slaget om Stalingrad, og hadde òg ei leiande stilling under slaget ved Kursk i 1943.

I 1944 og 1945 leia Zjukov fleire offensivar mot tyskarane. Som yndlingmarskalken til Josef Stalin var det Zjukov som fekk i oppdrag å innta Berlin. Storåtaket mot Berlin vart innleidd frå elvelinja Oder-Neisse 16. april 1945. Armegruppa til Zjukov støtte på uventa store problem med å bryte ned motstanden frå de beskjedne tyske styrkane som stod overfor dei, særleg ved høgdene i Seelow. Derfor fekk rivalen til Zjukov, marskalk Ivan Konjev, i oppdrag av Stalin å dreie armégruppa si mot Berlin. På grunn av dette vart det dei to marskalkane som leia militæroperasjonane som førte til den endelege erobringa av hovudstaden i Tyskland.

Etter Tyskland kapitulerte 8. mai 1945 vart Zjukov sjef for den sovjetiske okkupasjonssonen i Aust-Tyskland. Den store sigersparaden i Moskva 24. juni same år vart anført av Zjukov, som reid over Den raude plassen på ein kvit hest. Etter sigande gjorde dette synet Stalin sjalu. Problema til Zjukov starta for alvor då han ikkje såg ut til å ville tone ned dei viktige bidraga sine i krigssigeren til Sovjetunionen. For med tida ønskte Stalin å verte framstilt som hovudarkitekten bak triumfen; han ville ikkje dele æra med nokon andre, uansett rettmessig krav. Han kom derfor til å sjå på Zjukov med sterk mistru. Ønsket til Stalin om at generalane skulle kjenne sin plass førte til at mange av dei vart arresterte. Zjukov slapp derimot å dele lagnad med dei, til det var han for populær, noko Stalin innsåg.

I staden vart Zjukov overført til Odessa i 1947, som leiar av det lokale militærdistriktet. Med denne degraderinga fekk Stalin sett han på sidelinja i sovjetisk politikk. For å vere på den sikre sida la Stalin ned forbod mot å omtale Zjukov i massemedia.

Etter Stalin døydde i 1953 vart Zjukov kalla tilbake til Moskva, og fekk stillinga som forsvarsminister. I eigenskap av dette var han ansvarleg for den militære innmarsjen til Sovjetunionen i Ungarn i 1956. Zjukov deltok i det mislukka partiopprøret mot Nikita Khrusjtsjov i 1957, og vart så fjerna frå sentralkomitéen.

Etter dette spelte ikkje Zjukov noko stor politisk rolle, sjølv om Brezjnev tok han inn i varmen igjen i 1964. Zjukov vart verande ein særs populær mann i Sovjetunionen, noko som ikkje nødvendigvis var eit fordel i augo til regimet. For æresjuka til Brezjnev gjorde seg utslag i eit ønske om å bli tilskriven ein meir framskoten plass i historia om Sovjetunionen under den andre verdskrigen enn det hans faktiske bakgrunn tilsa: Zjukov kunne gjere krav på å vere den viktigaste og dyktigaste strategen i den raude arméen under den andre verdskrigen, medan Brezjnev berre hadde vore ein forholdsvis anonym politisk kommissær. Brezjnev var følsam overfor dette misforholdet, og passa på at Zjukov ikkje stilte han sjølv i skuggen.

Zjukov vart gravlagd med full militær vørdnad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. kyrillisk skrift Георгий Константинович Жуков