Georgisk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Georgia-CIA WFB Map.png

Georgia er eit land sørvest i Asia ved Svartehavet og ligg mellom Tyrkia og Russland. Landet ligg i området kalla Kaukasus eller Kaukasia, og er eit lite land med eit areal på 69 875 kvadratkilometer. I nord og nordaust grensar Georgia til dei russiske republikkane Tsjetsjenia, Ingusjetia og Nord-Ossetia (som alle søkte sjølvstyre frå Russland i 1992). Naboland i sør er Armenia, Aserbajdsjan og Tyrkia. Kysten mot Svartehavet utgjer heile den vestlege grensa til Georgia.

Geografiske koordinatar: 42°00′N 43°30′EKoordinatar: 42°00′N 43°30′E

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Georgia og Kaspihavet

Trass i det litle arealet er Georgia kanskje den tidlegare sovjetiske republikken med mest variert topografi. Georgia ligg hovudsakleg i fjellkjeda Kaukasus, og Store Kaukasus utgjer mykje av den nordlege grensa. Litle Kaukasus går parallelt med grensene til Tyrkia og Armenia, og Surami og Imereti er fjellkjeder som knyter Store og Litle Kaukasus saman, og skapar naturlege barrierar som delvis er skuld i dei kulturelle og språklege skilnadane i regionane. Sidan dei ligg i høgda og fordi infrastukturen er dårleg utbygd i området ligg mange landsbyar nesten isolert frå omverda om vinteren. Jordskjelv og jordras i fjella er òg ein vesentleg trugsel for folk og eigedom. Av dei mest nylege naturkatastrofane i området var stein- og gjørmeraset i Adsjaria i 1989, som gjorde tusenvis heimlause sørvest i Georgia, og to jordskjelv i 1991, som øydela fleire landsbyar nord i sentrale område av Georgia og Sør-Ossetia.

Georgia har om lag 25 000 elvar, og mange av dei driv små vasskraftverk. Elvene renn ut i Svartehavet i vest og i aust gjennom Aserbajdsjan og Russland og ut i Kaspihavet. Den største elva er Mtkvari (Kura) som renn 1 364 km frå nordaustlege område av Tyrkia over slettene aust i Georgia, gjennom hovudstaden Tbilisi og ut i Kaspihavet. Elva Rioni er den største elva vest i Georgia, og ho har sitt utspring i Store Kaukasus og munnar ut i Svartehvaet ved hamnebyen Poti. Sovjetiske ingeniørar omgjorde dei lågareliggande områda av elva nær kysten til eit subtropisk jordbruksland, demma opp og retta opp mange elvar og bygde eit omfattande kanalsystem.. Djupe fjelldalar formar topografiske belte i Store Kaukasus.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i dette fjellandet på austkysten av Svartehavet er nesten tropisk om sommaren, medan vintrane er varmare enn dei milde sørlege områda av Russland i nord. Ein har derimot kuldebølgjer om vinteren over store delar av landet. Dei vestlege områda er ganske våte året rundt. Tbilsi har ein årleg nedbørsnormal på 462 mm. Dei lågareliggande områda langs kysten av Svartehavet har forholdvis milde vintrar og ganske varme somrar. Ein kan derimot ha ein del vind i fjella, særleg i Transkaukasusdalen. I K'ut'aisi kan ein få vind opp i orkan styrke minst ein gong i året.

Miljøproblem[endre | endre wikiteksten]

Frå 1980-talet har forrureining i Svartehavet gjort stor skade på turistindustrien i Georgia. Dårlege handsaming av kloakk er hovudårsaka til dette. I Batumi vert til dømes berre 18 % av avfallsvatnet reinsa før det renn ut i sjøen. Det er estimert at 70 % av overflatevatnet inneheld helsefarlege bakteriar, som er årsaka til at mange innbyggjarar i Georgia har tarmsjukdomar.

Krigen i Abkhasia gjorde stor skade på det økologisk unike området. Ekspertar rekna derimot miljøproblema i Georgia som mykje mindre alvorleg enn i dei andre meir industrialiserte tidlegare sovjetrepublikkane. Løysing av Georgia sine miljøproblem vart ikkje høgt prioritert av regjeringa i landet etter Sovjetunionen, men i 1993 la miljøvernsdepartementet i landet inn ein protest på denne passive haldninga. I 1994 annonserte regjeringa ei nytt miljøovervakingssystem. Systemet inkluderte eit nytt informasjons- og forskingsbyrå.

Naturfarar: Jordskjelv

Miljøproblem: Luftforureining, særleg i Rustavi; Krafitg forureining i elva Mtkvari og Svartehavet; Dårleg tilgang til drikkevatn; Forrureining av jordsmonnet av giftige kjemikalar.

Miljøvernsavtalar:
Delaktig i avtalar som omhandlar: Luftforureining, biologisk mangfald, klimaendringar, Kyoto-avtalen, ørkenspreiing, utryddingstrua dyreartar, miljøfarleg avfall, havrett, vern av ozonlaget, skipsforureining, våtmarker

Areal og grenser[endre | endre wikiteksten]

Areal:
totalt: 69 700 km²
land: 69 700 km²
vatn: 0 km²

Landegrenser:
totalt: 1 461 km
grenseland: Armenia 164 km, Aserbajdsjan 322 km, Russland 723 km, Tyrkia 252 km

Kystlinje: 310 km

Maritime krav: Ingen kjende

Høgast og lågast:
lågaste punkt: Svartehavet 0 m
høgaste punkt:

Sjkhara 5 201 m (toppen ligg ikkje i Georgia)
Kazbek 5 048 m er den høgaste toppen i Georgia.

Naturressursar og arealbruk[endre | endre wikiteksten]

Naturressursar: Skogar, vasskraft, mangan, jernmalm, kopar, små førekomstar av kol og petroleum; kystklimaet tillett dyrking av te og sitrusfrukt.

Arealbruk:
dyrkande jord: 9 %
permanente avlingar: 4 %
permanente enger: 25 %
skogområde: 34 %
andre: 28 % (1993 est.)

Irrigert land: 4 000 km² (1993 est.)

Kjelde[endre | endre wikiteksten]