Georgskross
Georgskors eller jørgenskors er kors knytt til heilage Jørgen (Georg), og finst i litt ulike utformingar. Særleg i Skandinavia kan det visa til eit likearma kors der armane smalnar tydeleg innover mot midtpunktet. Korset kan også ha rette armar der det eine paret kan vera lengre enn det andre. Georgskorset er ofte raudt på kvit botn.
Innhaldsliste |
[endre] Bruk
Ei rekkje flagg og andre heraldiske symbol bruker eit eller fleire georgskors. Det er kjend frå det engelske og georgiske flagget. Det rette korset er utgangspunkt for flagget til Storbritannia, det jamaikanske riksvåpenet og flagga til øyar som Alderney, Guernsey, Sark og Sardinia. Det fins også i flagg og våpen for byar som Barcelona, Freiburg, Genova, London, Milano og Montreal. Tidlegare land som Austromarriket under Palaiologos-dynastiet og kongeriket Asturias har også nytta korset i flagg. Det smalnande georgskorset fins også som ordensteikn for nokre fortenesteordenar. Ein finn korset også i logoar, varemerke, segl og andre kjenneteikn og mønster.
Georgskorset er ordensteikn for George Cross, Hosebandordenen, Kvite rose orden og den russiske Sankt Georgsordenen.
[endre] Liknande kors
Det likearma georgskorset kan minna om maltersarkors, men dette har innhakk ytst på korsarmen. Ein finn også likande utskrådde kors i fylkesvåpenet til Rogaland og kommunevåpenet til Klepp og utbøygde kors i våpenskjolda til Nord-Trøndelag og Verdal.
Den rette utgåva av korset likner gresk kors og genfkors, men skil seg frå desse ved at georgskorset går heilt ut til sidekantane av eit flagg eller skjold («gjennomgåande») medan dei to andre ikkje gjer det («svevande»).
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Georgskors» frå Wikipedia på bokmål, den 22. juni 2011.
- «Georgskors» i Den Store Danske