Gepidane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gepideriket 539-551.

Gepidane (skyldt til Gepanta, «dei gåverike» ordlekkjen *gjav, gåve), var namnet på det eine av dei tre gotiske folkeslaga som danna sjølvstyrde kongedøme i tidleg mellomalder. Dei budde det meste av tida attmed vestgotarane.

Nemninga gepidar vart sett på folket i følgje Jordanes av di dei kom sist over Austersjøen, og Jordanes tyder det som «seinfør». Han skriv beint ut at dette folket «er seintenkte, og tunge og trå i kroppen».

Frå byrjinga heldt gepidane seg attmed elva Wisla i dagens Polen. Derifrå eggja kong Fastida dei ut i hærtok mot burgundarane og vann over dei. Dette skal ha hendt på 300-talet. Mot slutten av det hundreåret fall gepidane under hunarane, som slo dei gotiske folka i 375. Som dei andre gotarfolka gjekk dei over til arianismen300-talet.

Gepidarfolket vart lenge under hunisk styre, og slost for kong Attila i Slaget på Katalaunarmarka i 451. Då Attila døydde to år etter, slo gepidane seg fri frå hunarane i 454, og oppretta eit rike i Pannonia under kong Ardarik. Her slost dei mellom anna med herulane og vann over dei.

Gepidekongedømet vara ved i om lag hundre år, til Langobardarane vann over dei i Slaget ved Asfeld i 552. Kong Kunimund vart drepen i slaget, og dottera Rosamunda vart tvungen inn i ekteskap med Alboin, sonen til langobardarkongen Audoin.

Gepidane er rekna som nærskylde med austgotarane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Jordanes: Gotesoga