Gerard Dou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, 1640-50
Tenestejente i eit vindauge, ca 1660

Gerard Dou eller Gerrit Dou (7. april 16139. februar 1675) var ein nederlandsk sjangermålar i barokken. Grunna sin lidenskap for noggranne detaljar og sin fullenda teknikk, vert han rekna som grunnleggjaren av finmålinga (miniatyrmåleri) i Leiden, ein tradisjon som heldt seg i byen langt inn i 18. hundreåret. Dou var både fødd og døydde i Leiden.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Dou var lærling hos faren, glasmålaren Douwe Janszoon. Frå 1624 gjekk han i lære hos Bartholomeus Dolendo, deretter i to år hos Pieter Couwenhorn og 1628-31 hos Rembrandt. Dou tok etter Rembrandts tidlege måte å måle på, og meisters behandling av chiaroscuro.

Inspirert av François Duquesnois plasserte Dou gjerne modellen i ei vindaugsopning smykka med relieff. Slik vart den avbilda personen framsynt i fullt dagslys, medan bakgrunnen, interiøret var innsveipt i eit dunkelt lys. Dette gjorde Dou både i sjølvportrett og i øvrige verk.

Frå 1632 arbeidde Dou sjølvstendig i Leiden. Etter 1640 var han særleg kjend for gode sjangerbilete i miniatyrformat. Scenene går for det meste føre seg i mørke og tronge rom. Gjennom heile livet heldt Dou fram med å avbilde både folk og dei minste hendingar med spiss pensel og ein miniatyrprega måte å måle på. I 1648 vart han medlem av Sint-Lucasgildet i Leiden, og var ein berømt målar i samtida.

Heilt fram til han døydde var Dou leiar for kunstnarkrinsen til dei nederlandske finmålarane. Mellom dei som gjekk i lære hos han finn ein Godfried Schalcken, Gabriel Metsu, Frans van Mieris den eldre, Pieter van Slingeland, Jan van Staveren, Quiringh van Brekelenkam, Domenicus van Tol, Arie de Vois, Bartholomeus Maton og fleire.

Dou utvikla, trass si tidkrevjande finmåling, ein overraskande produktivitet som gjer at han er representert i mange museum. Ca 200 verk av Dou er kjende. Dei viktigaste verka er no i Rijksmuseum Amsterdam, Louvre i Paris og National Gallery i London.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gerard Dou

Kjelder[endre | endre wikiteksten]