Gerard van Honthorst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gerard van Honthorst

Pseudonym Gerard Honthorst
Statsborgarskap Dei sameinte Nederlanda
Fødd 4. november 1592
Utrecht
Død

27. april 1656 (63 år)
Utrecht

Yrke kunstmålar, bygningstegner, grafikar
Sjanger sjangermåleri, portrett, målarkunst, mytologisk maleri, historiemåleri, Christian art
Gerard van Honthorst på Commons

Gerard van Honthorst eller Gerrit van Honthorst (4. november 159227. april 1656) var ein nederlandsk målar under barokken, både fødd og død i Utrecht. Han var ein av dei få nederlandske målarane med internasjonalt ry i samtida, ofte kalla for Utrechts Caravaggio grunna bruken av chiaroscuro.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

'Den fortapte sonen', 1623

Honthorst var ei tid elev av Abraham Bloemaert. I 1616 reiste han til Italia og fullførte utdanninga si i Roma, der han i særleg grad studerte verk av Caravaggio. Han arbeidde elles for mektige oppdragsgjevarar som kardinalen Scipione Caffarelli-Borghese og bankieren, markgreven Vincenzo Giustiniani, ein samlar av Caravaggio-verk. Han møtte den italienske målaren Guido Reni og arbeidde saman med han.

Kring 1620 kom Honthorst tilbake til Utrecht og gifta seg med kusina si. År 1622 vart han teken inn i målarlauget i Utrecht. Der trefte han den fordrivne vinterdronninga, Elisabeth Stuart, og vart hyra til å undervise borna hennar. Han kjøpte seg eit stort hus og opna målarverkstad i byen. I 1628 oppheldt han seg i London, saman med eleven Joachim von Sandrart. I London arbeidde han for kong Karl I, og måla mellom anna eit allegorisk bilete med portrett av den kongelege familien.

På 1630-talet måla Honthorst nokre bilete frå dansk historie til danskekongen, Kristian IV, og mellom anna eit portrett av kongsdottera Leonora Kristine. Fyrstane av Oranje, Fredrik Henrik og Vilhelm II utnemnde han til hoffmålar i 1637 og gav han talrike oppdrag. Ettersom han fekk så mange oppdrag i Haag opna han der den andre målarverkstaden sin, og frå 1637 var han medlem av målarlauget i Haag, aktiv i byen til 1652.

I verka sine blanda Honthorst element både frå Abraham Bloemaert og frå Caravaggio. For det meste vende hans seg mot nattleg belysning med bruk av kjertelys eller lampelysa. Desse bileta plar ha ein noko kraftigare gulfarge i lysninga og svakt gjennomsiktige skuggar. Han måla også mange framifrå portrett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gerard van Honthorst