Gerardus 't Hooft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gerard 't Hooft
Gerard 't Hooft.jpg
November 2008
Fødd 5. juli 1946 (68 år)
Den Helder i Nederland
Nasjonalitet Nederlandsk
Institusjonar Universitetet i Utrecht
Alma mater Universitetet i Utrecht
Doktorgradsrettleiar Martinus J. G. Veltman
Kjend for Kvantefeltteori
Kvantegravitasjon
Utmerkingar Wolfprisen (1981)
Lorentzmedaljen (1986)
Franklinmedaljen (1995)
Nobelprisen i fysikk (1999)

Gerardus 't Hooft (fødd 5. juli 1946 ) er ein nederlandsk fysikar og nobelprisvinnar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1999 for hans avgjerande bidrag innan kvantestrukturen og teorien for elektrosvak vekselverknad i fysikken. Han delte prisen med landsmannen Martinus J.G. Veltman, som òg var hans doktorgradrettleiar.

't Hooft tok ein doktorgrad i fysikk ved Universitetet i Utrecht i 1972 og har vore professor ved dette universitetet sidan 1977. Han har vore representant for det nederlandske vitskapsakademiet sidan 1982.

't Hooft og Veltman utvikla dei matematiske årsakene for den såkalla Standardmodellen for elementærpartiklar som skildrar og grupperer alle kjende slike partiklar. Gjennom arbeidet deira kan eigenskapane til partiklane reknast ut og føreseiast på ein betre måte. Mspesifikt utvikla dei ein metode for å demonstrere at gaugeteoriar med spontant symmetribrot er renormerbare. Det viktigaste dømet frå ein slik teori er teorien for den svake vekselverknaden som vart fremma av Sheldon Glashow i Steven Weinberg og Abdus Salam. Dette beviset var det avgjerande steget som førte til at Standardmodellen vart akseptert blant deo allmenne fysikarane.

Han har òg fått Lorentzmedaljen (i 1986) og Wolfprisen (i 1981).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gerardus 't Hooft