Gerd Janne Kristoffersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gerd Janne Kristoffersen

Fødd18. november 1952 (71 år)
Verdal kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedHøgskolen i Nord-Trøndelag
VervOrdførar i Verdal 1999-2005
EtterfylgjarBjørn Iversen
Alle verv

Gerd Janne Kristoffersen (fødd 18. november 1952 i Verdal) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho vart vald inn på Stortinget for Nord-Trøndelag i 2005 og 2009, og sat ut denne perioden til 2013. Ho var vararepresentant frå 2001.

Kristoffersen var formannskapsmedlem i Verdal 1991–1995, og ordførar 1999–2005. I periodar 1995-1999 var ho medlem av Nord-Trøndelag fylkesting, i 1997-1999 medlem av Arbeiderpartiets landsstyre og leiar i Nord-Trøndelag Arbeidarparti frå 2008.

Ho er utdanna sjukepleier frå Innherad sjukepleiarhøgskole frå 1974, og har seinare vidareutdanna seg i leiing og pedagogikk. Ho har hatt ulike stillingar som sjukepleiar, faglærar og oversjukepleiar, det meste av tida ved Sjukehuset Levanger.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]