Gerd Müller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
BOMBERGERDMUELLER.JPG

Gerhard «Gerd» Müller (fødd 3. november 1945 i Nördlingen) er ein tidlegare tysk fotballspelar.

Han har dei tyske scoringsrekordane for både landslaget og Bundesliga. På landslaget scora han 68 mål på 62 landskampar, og i Bundesliga 365 mål på 427 kampar. Han vert rekna som ein av dei mest effektive spissar gjennom alle tider, og fekk kallenamnet «der Bomber (der Nation)» og «Kleines Dickes Müller».

Bayern München[endre | endre wikiteksten]

Müller starta fotballkarrieren i klubben TSV 1861 Nördlingen. Han gjekk til FC Bayern München i 1964, der han spela på lag med dei komande storspelarane Franz Beckenbauer og Sepp Maier. Den gongen var klubben, som seinare vart Tyskland sin mest suksessrike klubb gjennom alle tider, framleis i Regionalliga Süd, som den gongen var eit nivå under Bundesliga. Etter ein sesong rykte Bayern München opp i Bundesliga. Gjennom dei neste åra var Müller med på å vinne fleire tyske og europeiske trofé for klubben, og vart i tillegg både tysk og europeisk toppscorar fleire gongar.

Landslaget[endre | endre wikiteksten]

Gerd Müller debuterte på Tyskland sitt landslag i 1966, og spela der til og med finalen i VM i fotball 1974 på Müller si heimebane i München. Han scora sigersmålet i finalekampen mot Nederland. Med fire mål i denne verdsmeisterskapen og 10 mål i VM i fotball 1970 har han scora nest flest mål gjennom tidene i VM i fotball, etter Ronaldo.

Müller deltok også i EM i fotball 1972, der han vart toppscorar med fire mål, og vann meisterskapen med det tyske laget.

Fort Lauderdale Strikers[endre | endre wikiteksten]

Etter karrieren i Bundesliga reiste han i 1979 til USA for å spele for Fort Lauderdale Strikers i den nordamerikanske ligaen. Han spela der i tre sesongar og scora 38 mål.

Etter fotballkarrieren[endre | endre wikiteksten]

Etter at Müller la opp i 1982, fekk han alkoholproblem. Dei tidlegare kollegaene i Bayern München fekk han til å gjennomgå eit rehabiliteringsprogram, og gav han jobb som amatørtrenar i sin gamle klubb, der han framleis arbeider. Han arbeidde vidare som assisterande manager for Bayern München sitt 2. lag.

Meritt[endre | endre wikiteksten]

Trofe med Bayern München[endre | endre wikiteksten]

  • Bundesliga: 1969, 1972, 1973, 1974
  • Den tyske cupen: 1966, 1967, 1969, 1971
  • Serievinnarcupen: 1974, 1975, 1976
  • Cupvinnarcupen: 1967

Trofe med landslaget[endre | endre wikiteksten]

  • EM i fotball 1972
  • VM i fotball 1974

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • Toppscorar i Bundesliga: 1967, 1969, 1970, 1972, 1973, 1974, 1978
  • Toppscorar i Europa: 1970, 1972
  • Toppscorar i VM i fotball 1970
  • Toppscorar i EM i fotball 1972
  • Gullballen som Årets spelar i Europa i 1970

Kjelder[endre | endre wikiteksten]