Gerhard Flesch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gerhard Friedrich Ernst Flesch (18. oktober 190928. februar 1948) var tysk jurist og Gestapo-leiar som verka i Noreg under andre verdskrigen. Under krigsoppgjeret blei han dømd til døden for krigsbrotsverk og avretta.

Flesch var fødd i Posen. Han blei medlem i nazistpartiet NSDAP i 1933, året før han var ferdig utdanna jurist. I 1936 blei Fleisch utnemnd av Reinhard Heydrich i Gestapo til å følgja med på religiøse grupper i Tyskland. I 1938 deltok han i den tyske innmarsjen i Sudetenland og året etter i annekteringa av Böhmen og Mähren. Han tenestegjorde deretter som rådgjevar for gauleiteren Fritz Sauckel i Thüringen. Før han kom til Noreg hadde han vore Gestapo-sjef i Erfurt i 1939.

Flesch kom til Noreg som del av den tyske okkupsjonen. Fra april 1940 verka han for Sipo (Sicherheitsdienst) i Bergen og frå 11. oktober 1941 til krigen tok slutt i Trondheim, med verkefelt Midt-Noreg (Nordfjord-Dombås til polarsirkelen). Han rapporterte til Heinrich Fehlis.

Gerhard Flesch leia kampen mot norsk motstand og leita opp hemmelege radiostasjonar. Han gav ordre om tortur, skyting av utpeikte fangar utan lov og dom, og leia personleg henging av fleire russiske krigsfangar. Falstad fangeleir var mellom ansvarsområda hans, og her innførte Fleisch mellom anna pryl som vanleg disiplinærstraff for jødar.

Han vart dømd til døden for drap og tortur og vart avretta på Kristiansten festning i Trondheim den 28. februar 1948.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]