German Gref
German Oskarovitsj Gref (russisk Герман Оскарович Греф, tysk Hermann Gräf), fødd 8. februar 1964 i Panfilovo i Pavlodar oblast i Kasakhstan, er ein russisk politikar. Han var økonomi- og handelsminister i Russland frå 2000 til 2007.
Gref er etnisk tysk. Foreldra hans vart deporterte til Kasakhstan i 1941, saman med store delar av den etnisk tyske befolkninga i Sovjetunionen. Etter to års militærteneste studerte han jus ved statsuniversitetet i Omsk frå 1985 til 1990. Han flytta så til Leningrad/St. Petersburg. Etter å ha hatt diverse stillingar ved universitetet og byadministrasjonen der vart han henta til Moskva i 1998, då han vart viseminister for statlege eigedomar. I 2000 utnevnde president Vladimir Putin han til økonomi- og handelsminister. Han vart avsett då Viktor Zubkov tok over som ny statsminister i september 2007.
Gref er styremedlem i ei rekkje større russiske selskap, mellom anna det statlege gasselskapet Gazprom sidan 1999.