Geschwinde, ihr wirbelnden Winde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Geschwinde, ihr wirbelnden Winde
BWV 201
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1729
Første framføring Hausten 1729
Publiseringsdato 1862
Typisk lengd 48:38
Satsar 15

Geschwinde, ihr wirbelnden Winde, BWV 201, er ein kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1729 som Dramma per Musica. Temaet er konkurransen mellom Phoebus og Pan i gresk mytologi. Stykket vart framført på nytt 1735-1740 og i 1749, begge gongane i Leipzig.

Teksten er skriven av Christian Friedrich Henrici (Picander).

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for tre trompetar, pauke, to tverrfløyter, to oboar d’amore, to fiolinar, bratsj og basso continuo. Solistar er Momus (sopran), Mercurius (alt), Tmolus (tenor I), Midas (tenor II), Phoebus (bass I), Pan (bass II), samt seksdelt kor (SATTBB)

Det består av femten satsar:

  1. «Geschwinde, ihr wirbelnden Winde», Koral
  2. «Und du bist doch so unverschamt und frei», Resitativ for sopran
  3. «Patron, das macht der Wind», Arie for sopran
  4. «Was braucht ihr euch zu zanken?», Resitativ for alt
  5. «Mit Verlangen druck' ich deine zarten Wangen», Arie for bass
  6. «Pan, ruck deine Kehle nun in wohlgestimme Fallen», Resitativ for sopran & bass
  7. «Zu Tanze, zu Sprunge, so wackelt das Herz», Arie for bass
  8. «Nunmehro Richter her!», Resitativ for alt & tenor
  9. «Phoebus, deine Melodei hat die Anmut selbst», Arie for tenor
  10. «Komm, Mydas, sage du nun an», Resitativ for tenor & bass
  11. «Pan ist Meister, lasst ihn gehn», Arie for tenor
  12. «Wie, Mydas, bis du toll?», Resitativ for sopran, alt & tenor
  13. «Aufgeblas'ne Hitze, aber wenig Grutze», Arie for alt
  14. «Du guter Mydas, geh' nun hin», Resitativ for sopran
  15. «Labt das Herz, ihr holden Saiten», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]