Gesellschaft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gesellschaft (tysk «selskap, samfunn») er i sosiologien ein av dei to kategoriane for menneskelege samhøve (den andre er Gemeinschaft), introdusert av den tyske sosiologen Ferdinand Tönnies. Gesellschaft vert prega av lause og upersonlege band mellom menneske, som ein gjerne finn på marknaden, der menneske fyrst og fremst ser på einannan som byttepartnarar og freistar dra økonomisk nytte av einannan. Tönnies meiner at denne typen band er karakteristisk for «moderne samfunn», medan såkalla «tradisjonelle samfunn», i større grad var prega av Gemeinschaft.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]