Get 'Em Out by Friday

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Get ’Em Out by Friday
Song av Genesis
frå albumet Foxtrot
Utgjeve 6. oktober 1972
Innspelt August 1972
Sjanger Progressiv rock
Lengd 8:37
Låtskrivar(ar) Peter Gabriel

«Get 'Em Out by Friday» er ein song av Genesis frå albumet deira Foxtrot frå 1972. Eit konsertopptak av songen finst på konsertalbumet deira Genesis Live frå 1973.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Songen tar form som eit futuristisk spel som startar frå 1970-talet og endar i 2012.[1] Som «Harold the Barrel» og «The Fountain of Salmacis» frå det førre albumet Nursery Cryme, er songteksten delt mellom forskjellige roller, der Peter Gabriel ofte tilpassar vokalstilen sin til kvar rolle.

Songen nyttar element av realitet og science fiction som ei form for samfunnskritikk av grådige selskap og undertrykking av private landeigarar i 1960- og 1970-åra i Storbritannia. Denne typen samfunnskritikk var ofte eit tema i den tidlege musikken til Genesis, særleg på det neste albumet Selling England by the Pound.[2]

Songen fekk god omtale då albumet kom ut og Rutherford meinte at teksten var den beste Gabriel hadde skrive[3].

Seint i 70-åra vart det laga ein teikneserie basert på Get 'em out by Friday av den franske teiknaren Jean Solé. Teksten vart omsett (med mange feil) av journalisten Alain Dister, og somme teikningar vart teikna av den kjende teiknaren Gotlib. Denne teikneserien vart publisert i magasinet Fluide Glacial.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Foxtrot liner booklet (1994 remaster utg.). Virgin/Charisma. 3. september 1994 [1972-10-06]. «(18/9/2012 T.V. Flash on all Dial-A-Program Services)»  |access-date= requires |url= (hjelp)
  2. «Composizione e sperimentazione nel rock britannico 1967-1976». Henta 25. september 2012. 
  3. «Genesis doing the Foxtrot». Sounds. 9. september 1972.