Get It On

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Get It On
Singel av T. Rex
frå albumet Electric Warrior
B-side «Raw Ramp»
Utgjeve 1971
Sjanger Glamrock
Lengd 4:25
Selskap Fly (UK), Reprise (U.S.)
Låtskrivar(ar) Marc Bolan
Produsent Tony Visconti
T. Rex-kronologi
«Hot Love»
(1971)
Get It On «Jeepster»
(1971)

«Get It On» er ein song av den britiske glamrockgruppa T. Rex frå albumet Electric Warrior i 1971. Han var skriven av frontmannen Marc Bolan og vart den andre førsteplassen T. Rex klarte i Storbritannia. I Noreg nådde songen 6. plass på VG-lista. I USA vart songen omdøypt til «Bang a Gong (Get It On)» for at han ikkje skulle forvekslast med ein annan song med same namn av Chase. Songen er kanskje den mest kjende av T. Rex.

B-sida til singelen var «Raw Ramp».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bolan hevdar å ha skrive songen ut av eit ønske om å spele inn Chuck Berry sin «Little Queenie», og sa at riffet er henta frå Berry-songen. Faktisk vert ei linje, And meanwhile, I'm still thinking, frå «Little Queenie» sagt medan «Get It On» tonar ut.[1]

Dette var songen som meir eller mindre enda den ein gong så gode venskapen mellom Bolan og John Peel, etter at Peel omtalte mangelen på entusiasme for songen på lufta etter å ha fått ei tidleg utgåve av singelen. Bolan og Peel snakka berre i lag ein gong etter dette før Bolan døydde i 1977.[2]

Under ei framføring på Top of the Pops, spelte Elton John piano på songen. Pianoet på plata vart spelt av Rick Wakeman. Wakeman var i desperat pengemangel på denne tida og trefte tilfeldigvis Bolan på gata og spurte om han kunne få spele med han. Wakeman påpeikte for Tony Visconti at songen eigentleg ikkje trengde ein pianist. Visconti foreslo at han kunne lage ein glissando. Wakeman sa at Visonti kunne klare det sjølv, då Bolan svarte, «du vil ha pengar til husleiga di, vil du ikkje». Wakeman tente £9 på innspelinga.[3]

I mars 2005 plasserte Q magazine «Get It On» på 36. plass på lista si over dei 100 beste gitarsongane gjennom tidene.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Get It On» vart spelt inn av Power Station i 1985. Versjonen deira nådde 22. plass på den britiske singelista[4] og 9. plass i USA, ein plass høgare enn originalen. Robert Palmer syng vokal på denne versjonen.[5]

Andre band som har spelt songen er Top of the Poppers, Blondie, Witch Queen, Aerosmith-gitarist Joe Perry, The Boomtang Boys, Los Bunkers, Ministry, Cinema Bizarre, Porno Graffitti og Carlos Santana.

I media[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Paytress, Mark, "Bolan: The Rise And Fall Of The 20th Century Superstar", s. 182, Omnibus Press (2003), ISBN 978-0711992931
  2. Paytress, Ibid., s.182-83, Peel, John, Margrave of the Marshes, s.236, 238-9, Bantam Press (2005), ISBN 978-0593052525
  3. «The Birth of Glam». The Glory of Glam. BBC. BBC Radio Two. 2010-06-29.
  4. «Chart Stats - Power Station - Get It On». http://www.chartstats.com/songinfo.php?id=12471. Henta 30. mars 2011. 
  5. «allmusic ((( The Power Station > Biography )))». http://www.allmusic.com/artist/p5172/biography. Henta 30. mars 2011.