Get Outta My Way

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Get Outta My Way
Singel av Kylie Minogue
frå albumet Aphrodite
Utgjeve 27. september 2010
Innspelt 2010
Sjanger Dansepop, synthpop
Lengd 3:39
Selskap Parlophone
Låtskrivar(ar) Lucas Secon
Damon Sharpe
Peter Wallevik
Daniel Davidsen
Mich Hansen
Produsent Cutfather
Peter Wallevik
Daniel Davidsen
Damon Sharpe
Lucas Secon
Stuart Price
Kylie Minogue-kronologi
«All the Lovers»
(2010)
Get Outta My Way «Better than Today»
(2010)

«Get Outta My Way» er ein dansepopsong av den australske songaren Kylie Minogue frå det ellevte studioalbumet hennar, Aphrodite. Songen vart utgjeven som den andre singelen i september 2010. Han vart skriven og produsert av Lucas Secon, Damon Sharpe, Peter Wallevik, Daniel Davidsen, Mich Hansen og Cutfather.

Informasjon[endre | endre wikiteksten]

Minogue stadfesta 5. juli 2010 at «Get Outta My Way» ville koma ut som den andre singelen frå albumet.[1] Singelen vart utgjeven den 27. september 2010 på verdsbasis.[2] Songen vart først gjort tilgjengeleg for allmennheten via eit promoteringsalbum gjeve til radiokanaler før den kommersielle utgjevinga. Han nådde tolvteplass på UK Singles Chart og nummer 69 i heimlandet til Minogue, Australia. Singelen nådde òg nummer 25 på den europeiske singellista, nummer 29 i Frankrike, nummer 41 i Tyskland og nummer 23 i Sveits. Songen var òg vellykka i New Zealand der det nådde nummer 69 og nummer 57 i Japan.[3]

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen vart filma i London den 18. august 2010. Videoen byrjar med Minogue og dansarar hennar rører seg sakte på eit rørleg dansegolv. Kvar og ein av dei er omgjeve av ein glød som følgjer rørslene deira. Minogue har på hanskar som lyser opp andletet og kroppen hennar. Deretter opptrer ho i eit gullantrekk blant kvite stolar. Det siste elementet viser Minogue i raudt saman med dansarar med ein rampe framfor ein lyssett vegg.

Format og sporliste[endre | endre wikiteksten]

CD single
  1. «Get Outta My Way» – 3:39
  2. «Get Outta My Way» (7th Heaven Mix) – 3:35
CD Maxi
  1. «Get Outta My Way» – 3:39
  2. «Get Outta My Way» (Bimbo Jones Club Remix Radio Edit) – 3:35
  3. «Get Outta My Way» (Sidney Samson Remix) – 5:35
  4. «Get Outta My Way» (Paul Harris Vocal Remix) – 7:18
  5. «Get Outta My Way» (Mat Zo Remix) – 8:31
  6. «Get Outta My Way» (Video)
Britisk CD Promo
  1. «Get Outta My Way» – 3:39
  2. «Get Outta My Way» (Instrumental) – 3:45
Amerikansk CD Promo 1
  1. «Get Outta My Way» (7th Heaven Club Mix) – 7:52
  2. «Get Outta My Way» (7th Heaven Radio Mix) – 3:35
  3. «Get Outta My Way» (Paul Harris Mix) – 7:18
  4. «Get Outta My Way» (Paul Harris Dub) – 7:36
Australsk CD Promo 2
  1. «Get Outta My Way» (Daddy's Groove Remix) – 8:02
  2. «Get Outta My Way» (Mat Zo Remix) – 8:30
  3. «Get Outta My Way» (Kris Menace Remix) – 6:46
  4. «Get Outta My Way» (Sidney Samson Remix) – 5:34
  5. «Get Outta My Way» (BeatauCue Remix) – 5:03
Australsk CD Promo 3
  1. «Get Outta My Way» (US Version)
  2. «Get Outta My Way» (Instrumental)

Topplisteplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Toppliste Listeplassering
Australia (ARIA Charts)[4] 69
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[5] 61
Belgia (Ultratip Flandern)[6] 9
Belgia (Ultratip Vallonia)[7] 13
Tsjekkia (IFPI)[8] 50
Danmark (Tracklisten)[9] 12
Europa (European Hot 100 Singles)[10] 25
Frankrike (SNEP)[11] 29
Tyskland (Media Control Charts)[12] 41
Irland (IRMA)[13] 33
Italia (FIMI) 55
Japan (Japan Hot 100)[14] 57
New Zealand (RIANZ) 69
Russland (NFPP) 76
Sveits (Schweizer Hitparade)[15] 23
Skottland (Official Charts Company)[16] 11
Slovakia (IFPI)[17] 18
Spania (PROMUSICAE)[18] 11
Storbritannia (UK Singles Chart)[19] 12
USA (Billboard Hot Dance Club Songs)[20] 1
USA (Billboard Hot 100)[21] 105

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Music - News - Kylie confirms next Aphrodite single. Digital Spy. Vitja 7. juli 2010.
  2. GET OUTTA MY WAY – BRAND NEW SINGLE!. Offisielle nettstad (13. august 2010). Vitja 13. august 2010.
  3. Slovenian Kylie Site - charts. SloKylie.com. Vitja 24. mars 2011.
  4. Australian-charts.com – Kylie Minogue – Get Outta My Way. ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
  5. Kylie Minogue – Get Outta My Way – Austriancharts.at. Ö3 Austria Top 40. Hung Medien.
  6. Ultratop.be – Kylie Minogue – Get Outta My Way. Ultratip (Flandern).
  7. Ultratop.be – Kylie Minogue – Get Outta My Way. Ultratip (Vallonia).
  8. ČNS IFPI. Hitparáda – Radio Top100 Oficiální. IFPI Czech Republic.
  9. Kylie Minogue – Get Outta My Way – Hitlisten.nu. Tracklisten. IFPI Danmark & Nielsen Music Control.
  10. Kylie Minogue Album & Song Chart History. European Hot 100 for Kylie Minogue. Prometheus Global Media.
  11. Lescharts.com – Kylie Minogue – Get Outta My Way. SNEP. Hung medien.
  12. Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de. Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  13. Chart Track. Irish Singles Chart. Irish Recorded Music Association.
  14. Kylie Minogue Album & Song Chart History. Japan Hot 100 for Kylie Minogue. Prometheus Global Media.
  15. Kylie Minogue – Get Outta My Way – swisscharts.com. Swiss Singles Chart. Hung Medien.
  16. Archive Chart. Scottish Singles Top 40. Official Charts Company.
  17. SNS IFPI. Hitparáda – Radio Top100 Oficiálna. IFPI Czech Republic.
  18. Spanishcharts.com – Kylie Minogue – Get Outta My Way. Canciones Top 50. Hung Medien.
  19. Archive Chart. UK Singles Chart. Official Charts Company.
  20. Kylie Minogue Album & Song Chart History. Billboard Hot Dance/Club Play for Kylie Minogue. Prometheus Global Media.
  21. Kylie Minogue Album & Song Chart History. Billboard Hot 100 for Kylie Minogue. Prometheus Global Media.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]