Getxo

Koordinatar: 43°20′N 3°0′W / 43.333°N 3.000°W / 43.333; -3.000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Getxo
Byvåpenet til Getxo
Byvåpenet til Getxo


Plassering
Getxo is located in
Styresmakter
Land  Spania
Autonom region Baskarland
Provins Bizkaia
Grunnlagd 1075
Borgarmeister Imanol Landa
Geografi
Flatevidd
 - By

11,89 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

81 260
  6 834,3 /km²
Koordinatar 43°20′N 3°0′W / 43.333°N 3.000°W / 43.333; -3.000
Høgd over havet 50 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 48991 - 48993 - 48990 - 48930
Nettstad: www.getxo.net

Getxo (spansk Guecho) er ein by i provinsen Bizkaia i den autonome regionen Baskarland nord i Spania. Han er ein del av storbyområdet rundt Bilbao og har om lag 80 000 innbyggjarar. Getxo er i hovudsak eit rikt bustadområde og den tredje største kommunen i Bizkaia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Getxo var eit sokn (anteiglesia, elizatea) og eit landleg område ved ei stor strand ved munningen av Bilbaoestuaret. Senteret var den vesle fiskelandsbyen Algorta. Soknrådet møtte ved kyrkja Getxoko Andra Mari (baskisk) eller Santa María de Getxo (spansk) (begge tyder «Vår frue av Getxo»), ikkje lang frå neset Punta Galea.

Las Arenas - Areeta og Portugalete. Brua heiter «Puente Colgante» av Bizkaia.

Med industrialiseringa på 1800-talet utvikla somme område av Getxo seg til bustadområde for den øvre klassen i området. Landsbyen Algorta voks rundt kyrkja San Nicolás og kanaliseringa av elvemunningen gjorde at det kunne byggjast på stranda, distriktet Areeta (baskisk) eller Las Arenas (spansk). Nær Areeta / Las Arenas, på andre sida av vegen til Bilbao, voks det fram ein arbeidarklassebydel kalla Romo. På 1900-talet nådde byområde dei landlege områda ved Santa María de Getxo.

Getxo, samt det omliggande området kalla Uribe-Kosta, voks raskt dei siste tiåra av 1900-talet. Tidleg i 1980-åra hadde byen berre 50 000 innbyggjarar, medan han no har over 80 000.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]