Gex

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gex
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Rhône-Alpes
Ain
Geografi
Flatevidd
 - By

32,02 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

7 844
  245/km²
Koordinatar 46°20′02″N 06°03′30″EKoordinatar: 46°20′02″N 06°03′30″E
Høgd over havet 617 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.gex.fr

Gex er ein liten by og kommune i aust i Frankrike. Han ligg i departementet Ain, berre 5 km frå grensa til Sveits og 16 km frå Genève. Han er ein av tre sous-préfecture i Ain.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen gav namnet sitt til Pays de Gex, som i løpet av tidene har høyrt til både Frankrike, Sveits og Hertugdømet Savoie.

Med Freden i Wien i 1815 vart Gex plassert i tollregionen til Sveits og nøytralisert. Resolusjonen som omhandla Pays de Gex vart annullert av artikkel 435 i Versaillestraktaten. I november 1923 flytta Frankrike tollkontoret sitt til Gex, og saka kom opp føre Den faste domstolen for mellomfolkeleg rettspleie, som avgjorde til fordel for Sveits. Eit kompromiss vart gjort i 1932.

Historisk har innbyggjarane i byen snakka ein dialekt av frankoprovensalsk språk.