Gho

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gutar i gho.
Gho med kabney.

Gho er den tradisjonelle mannsdrakta i Bhutan, laga av ein knelang frakk festa med eit belte, kera, rundt livet. Til festbruk tek ein også på ei skjerf kalla kabney.

Drakta har opphav i folkegruppa drukpa, og bruk av drakta blei oppmuntra gjennom offentleg politikk på 1980-talet. Dette er kjend som Driglam namzha ('nasjonale skikkar'), og var meint som eit vern av bhutansk kultur i ei tid der landet var i ferd med å opna seg for omverda. Samstundes innebar det ei uniformering av kulturen, der minoritetsgrupper måtte innordna seg fleirtalet i skikkar, språk og klede.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Den tradisjonelle kvinnedrakta i Bhutan heiter kira, og er ein ankelsid kjole.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]