Giétrobreen

Koordinatar: 45°59′42″N 7°23′18″E / 45.99500°N 7.38833°E / 45.99500; 7.38833
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Glacier du Giétro
isbre
Land  Sveits
Område Valais
Areal 5,168 [1] km²
Lengd 4,45 [1] km
Koordinatar 45°59′42″N 7°23′18″E / 45.99500°N 7.38833°E / 45.99500; 7.38833
Kart
Giétrobreen
45°59′42″N 7°23′18″E / 45.995°N 7.3883333333333°E / 45.995; 7.3883333333333
Wikimedia Commons: Glacier du Giétro

Giétrobreen eller Giétrozbreen (fransk Glacier du Giétro) er ein 4 km lang dalbre sørvest i Sveits. I 1818 brast ein bredam ved Giétrozbreen og førte til ein katastrofal flaum som er ei av dei mest kjende naturkatastrofane i Dei sveitsiske Alpane.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Giétrobreen ligg på nordsida av Wallis-Alpane i kantonen Valais. Han ligg i den øvre Bagnesdalen, sør for Martigny og Verbier. Han var 4,55 km lang i 1979 og hadde då eit areal på 5,85 km² (1979).

Breen for snø frå Mont Blanc de Cheilon (3870 moh) og La Ruinette (3875 moh). Den øvre delen av breen er relativt flat. Han fell nedover sida av Mont Rouge du Giétro og svingar seg så vestover mellom Le Pleureur og Mont Rouge. Den lågare delen har har ei helling på 40 % og dannar fleire store bresprekkar. Breen endar om lag 2600 moh. Delar av breen heng fast med Cheilonbreen via Col du Cheilon (3243 moh). Smeltevatnet frå breen hamnar i Mauvoisinsjøen (ein kunstig innsjø) og renn vidare til Dranse de Bagnes, ei sideelv til Rhone.

Brekatastrofe[endre | endre wikiteksten]

Isen som demde opp dalen i 1818 (av Arnold Escher von der Linth)

Giétrobreen har ført til mange dødsfall i dalen gjennom historia.[2] Det første jökulhlaupet vart registrert i 1595 og førte til 140 dødsfall. Ein ny flaum skjedde i 1818 og tok livet av 44 menneske. I 1818 vart det bora eit hol i breen for å minke vassnivået i den oppdemde sjøen.

Etter at isbreen auka i omfang, breidde isen seg nedover dalen mellom 1816 og 1818.[2] Det oppstod ein bresjø som tømde seg den 27. mai 1817, utan at det gjekk liv tapt. Bresjøen oppstod på ny og hadde i april 1818 ei lengd på 2 km. Den 10. mai 1818 vart ingeniøren Ignace Venetz kalla til kantonen.[2] For å stoppe det raskt stigande vatnet, valde han å bore eit hol i isen. Arbeidet byrja ein dag seinare. Fossen som oppstod ut holet eroderte kraftig på isen og morgonen den 16. juni byrja iskjegla å bryte saman og ut på ettermiddagen braut ho saman og 18 millionar kubikkmeter vatn strøymde nedover dalen. I løpet av ein halvtime var sjøen tømd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Fluctuations of Glaciers Database. World Glacier Monitoring Service, Zurich 2017 (DOI:10.5904/wgms-fog-2017-10)
  2. 2,0 2,1 2,2 Zryd, Amédée (2008), Lesbreens en mouvement, Presses polytechniques et universitaires romandes, s. 52, 53, 54, 55, 68, ISBN-978-2-88074-770-1