Gióna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gióna
Γκιώνα
fjell
Land  Hellas
Område Fokída
Høgd 2 510 moh.
Kart
Gióna
38°36′50″N 22°15′11″E / 38.613888888889°N 22.253055555556°E / 38.613888888889; 22.253055555556
Wikimedia Commons: Mount Giona

Gióna (gresk Γκιώνα) er eit fjell i periferieininga Fokída i Hellas mellom fjella Parnassós og Vardoúsia. I antikken vart det kalla Asélinon Óros (gresk Ασέληνον όρος}. Det er det høgaste fjellet sør for Ólymbos og det femte høgaste i heile Hellas. Den høgaste toppen på fjellet heiter Pyramída og er 2 510 meter over havet.

Elva Mórnos har sitt utspring i fjellet. Frå toppen av fjellet kan ein sjå nærliggande fjell som Vardoúsia i vest, det sørlege Fthiótida, inkludert Sperkhiósdalen og Maliábukta, som ein berre kan sjå i klårvêr, fjella Kallídromo og Parnassós i aust og Ámfissadalen og Itéabukta i sør, og på klåre dagar kan ein sjå heilt til Korintbukta.

Næraste stader[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]