Giacomo Matteotti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Minneplate over Giacomo Matteotti

Giacomo Matteotti (fødd 22. mai 1885, død 10. eller 11. juni 1924) var ein italiensk sosialistisk politikar som leidde opposisjonen mot regjeringa til regjeringssjef Benito Mussolini og kritiserte den aukande makta fascistane gradvis fekk i Italia.

Matteotti var utdanna jurist, men blei etter kvart ein uredd politikar som tala fascistane midt imot. Under den første verdskrigen argumenterte han for at Italia skulle vera nøytralt, og for dette blei han internertSicilia. Etter kvart blei Matteotti gruppeleiar i parlamentet for det italienske sosialistpartiet.

Han forsvann plutseleg den 10. juni 1924, og blei funnen drepen nokre dagar seinare. Dette førte til å begynne med til ei parlamentarisk krise, og Mussolini måtte ta avstand frå mordet. Men samtidig blei anti-fascistiske demonstrasjonar slått ned.

Tre menn blei arresterte for mordet, men berre ein blei dømd, og berre til ei kortvarig fengselsstraff.

Den 3. januar 1925 tok så Mussolini «alt politisk, moralsk og historisk» ansvar for mordet i ein tale i parlamentet.

Trass i mordet på Matteotti blei Mussolini framleis støtta av den etablerte eliten i landet, mellom anna kong Victor Emmanuel III, som nekta å be regjeringssjef Mussolini gå av.

I 1927 var Italia blitt ein fascistisk eittpartistat.