Gian Gastone de' Medici

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gian Gastone
Retrato oficial de Gian Gastone Medici, por Ferdinand Richter.jpg
Storhertug av Toscana
Regjeringstid 31. oktober 1723 – 9. juli 1737
Fullt namn Giovanni Battista Gastone de' Medici
Fødd 24. mai 1671
Fødestad Pitti slott i Firenze i Toscana
Død 9. juli 1737 (66 år)
Dødsstad Pitti slott i Firenze i Toscana
Gravlagd San Lorenzo-basilikaen
Føregjengar Cosimo III de' Medici
Etterfølgjar Frans Stefan av Lorraine
Far Cosimo III de' Medici
Mor Marguerite Louise d'Orléans

Gian Gastone de' Medici eller Giovanni Battista Gastone (24. mai 16719. juli 1737) var den siste storhertugen av Toscana frå Medici-familien. Han var den andre sonen til Cosimo III de' Medici av Toscana og Marguerite Louise d'Orléans, prinsesse av Frankrike.[1] Syster hans, Anna Maria Luisa de' Medici, kurfyrstinne av Pfalz, gifta han bort til Anna Maria Franziska av Sachsen-Lauenburg, ei rik enke, i 1697. Uheldigvis forakta Gian Gastone kona si, og ho forakta han. Ekteskapet var derfor barnlaust. Sidan storprins Ferdinando, den eldre broren til Gian Gastone, døydde før Cosimo III, var det Gian Gastone som etterfølgde faren som storhertug i 1723.

Regjeringstida hans var prega av at han gjorde om på den ultra-reaksjonære politikken til føregjengaren. Mellom anna avskaffa skatt for fattigare folk, oppheva antisemittisk straffelover og stoppa med offentlege avrettingar.[2] Medici-familien var i mangel på mannlege arvingar. Faren Cosimo III ønskte kurfyrstinna av Pfalz til å overta etter Gian Gastone. Men Spania, Storbritannia, Austerrike og Dei sameinte Nederlanda var imot planen til Cosimo og utpeikte Don Carlos av Spania som arvingen til Gian Gastone. Mor hans, Elisabeth Farnese, var oldebarnet til Margherita de' Medici.[3] Don Carlos overførte seinare kravet sitt til Frans III av Lorraine i samsvar med ei førebuande fredsavtale som vart underskriven i 1738.[4] Frans tok derfor over då Gastone døydde, den 9. juli 1737 og enda eit nesten 300 år langt Medici-styre over Firenze. Den siste tida av regjeringstida si valte Gian Gastone å ligge til sengs og vart teken vare på av omgangskrinsen sin, kalla Ruspanti.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Young, p 460
  2. Hale, J.R., p 191
  3. Young, p 481
  4. Hale, p 192
  5. Strathern, p 407

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gian Gastone de' Medici