Gianni Romme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gianni Romme

Statsborgarskap Kongeriket Nederlanda
Fødd 12. februar 1973 (51 år)
Lage Zwaluwe
Yrke skøyteløpar
Høgd 190 centimeter
Gianni Romme på Commons

Gianni Petrus Cornelis Romme (fødd 12. februar 1973) er ein nederlandsk tidlegare skeiseløpar frå Lage Zwaluwe. Langdistansespesialisten Romme vann to gull under Vinter-OL 1998 og vart to gongar verdsmeister i firkamp, samt europameister i 2003.

Gianni Romme i 2003

Romme vart olympisk meister både på 5 000 m og 10 000 m under vinterleikane 1998 i Nagano. I februar 2000 vann han ein suveren siger då firkamp-VM fann stad i Milwaukee, landsmennene Ids Postma og Rintje Ritsma syrgde for at nederlendarar tok alle pallplassane.

Under Vinter-OL 2002 i Salt Lake City tok Romme sølvmedaljen på 10 000 meter, slått av landsmannen Jochem Uytdehaage. Vinteren 2003 triumferte Romme både ved EM i Heerenveen og firkamp-VM i Göteborg i 2003.

I tida 1996-2004 vann Romme sju gull, to sølv og tre bronsar i ulike VM i distanseløp, alle tolv medaljane kom på 5- eller 10 000 meter. Over ein periode på tre år, desember 1997-november 2000, sette Romme fire verdsrekordar på 5 000 m og tre på 10 000 m.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]