Giant's Causeway

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 55°15′00″N 6°29′07″W

Giant's Causeway

Giant's Causeway er eit område på Antrim-kysten i Nord-Irland med formasjonar som består av av noko nær 40 000 svarte polygone (dei fleste sekskanta) basalt-søyler. Fenomenet er eit resultat av eit underjordisk vulkanutbrot for 60 millionar år sidan. Utbrotet strekte seg nordover til Skottland, der ein finn att liknande formasjonar på øya Staffa. Det finst òg slike formasjonar andre stader, men Giant's Causeway er kanskje det mest vene og spektakulære. I turistsesongen går der bussar frå eit platå, der ein kan parkere, og ned mot havnivået, der ein kan studere fenomenet på nært hald.

Detalj

Irsk segn som forklaring[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje den irske segna som er knytt til staden, kom denne opphopinga av stein i denne forma av at ei kjempe, Finn mac Cumaill (anglifisert til Finn MacCool), ville lage seg ei bru over til Skottland for å gje kollegaen sin der ein overgang slik at dei kunne duellere. Skotten Bennandonner lét seg ikkje be to gonger, og la i veg. Då vart Finn skremt over storleiken på skotten, og stakk av til kona si, Oonagh og bad henne om å gøyme han. Ho la han i ei diger vogge kledd i babytøy. Bennandonner fekk sjå «babyen» som vart presentert som bornet til Finn, og drog heim med tankar om at faren, Finn; nok vart for stor til å duellere med, når han fekk slikt avkom. Han raserte brua medan han trekte seg attende, slik at han ikkje skulle få besøk.

Dette, sluttar segna med, er årsaka til at søylene finst både på kysten av Antrim, og ved Finnegans Cave ved skotskekysten som einaste restane av brua.

Vitskapleg forklaring[endre | endre wikiteksten]

For ca 60 millionar år sidan vart slettelandskapet som låg på eit underlag av kalkstein brote opp av eit vulkansk utbrot, og dekt av eit basaltlag som størkna og vart i ro i ca. to millionar år, før neste utbrot, som fylte eit dalføre, der det størkna så langsamt at den sekskanta søylestrukturen vart danna. Istidene, der den siste forlét Irland for om lag 15 000 år sidan, skapte så kysten omtrent slik vi kjenner han i dag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Giant's Causeway