Giga-Sampler-Inter-Face

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Giga-Sampler-Inter-Face (GSIF) er ein proprietær Microsoft Windows-drivar og API for TASCAM GigaStudio med liten forseinking.

GSIF vart utvikla av Nemesys (no Tascam) for GigaSampler (no GigaStudio). GSIF vart utvikla for multikanal (på sama lydkort) avspeling av samplar-generert musikk og har ikkje funksjonalitet for opptak.

GSIF vert fyrst og fremst nytta saman med lydkort som ikkje har støtte for ASIO. Brukarprogram skrivne for GSIF API kan likevel nytta lydkort som ikkje har GSIF-drivarar, ved å nytta DirectSound-drivarar, men berre over to kanalar. Det finst òg ein multikanalopsjon som nyttar ASIO-drivarar, som har mykje mindre forseinking enn DirectSound. GSIF er kjent for å vera ressurskrevjande[1].

GSIF 2.1 har støtte både for PCM og MIDI [1].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 RME, RME MADIface user's guide, RME Audio

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]