Gigalum Island

Koordinatar: 55°41′N 5°45′W / 55.683°N 5.750°W / 55.683; -5.750
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gigalum Island sett frå Gigha

Gigalum er ei lita øy utanfor Gigha i Indre Hebridane i Skottland. Det står eit moderne hus midt på øya og ho har gjeve namn til sundet mellom seg og Gigha, Caolas Gigalum. Like aust for øya ligg skjera Gigalum Rocks og om lag ein kilometer lenger nordaust ligg Sgeir Gigalum. Ei anna lita øy ligg òg like ved Gigalum, Eilean na h-Uilinn, som tyder «Albogeøya».

55°41′N 5°45′W / 55.683°N 5.750°W / 55.683; -5.750