Gigawattime

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gigawattime er ei eining for måling av energi. Eininga er ikkje ei SI-eining. Ein gigawattime er energimengda som svarer til eit energiforbruk på ein gigawatt, over ein periode på éin time, altså 1 GW × 3600 s, som er lik 3600 GJ. Symbolet for gigawattime er GWh (frå engelsk gigawatt-hours).

Ein gigawattime er tusen megawattimar eller ein million kilowattimar (giga=ein milliard).

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.