Giglio

Koordinatar: 42°21′N 10°54′E / 42.350°N 10.900°E / 42.350; 10.900
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Giglio
Campes på Gigilo
Campes på Gigilo
Geografi
Stad Tyrrenhavet
Koordinatar 42°21′N 10°54′E / 42.350°N 10.900°E / 42.350; 10.900
Øygruppe Dei toskanske øyane

Areal 23,8 km²

Høgaste punkt Poggio della Pagan (496 moh.)

Administrasjon
Land Italia
Region
Provins
Toscana
Grosseto

Demografi
Folketal 1 553 (2005)
Folketettleik 63 /km²

Giglio er ei øy og ein kommune i Italia og ein del av Dei toskanske øyane, utanfor nordvestkysten i provinsen Grosseo.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Mellom øya og fastlandet ligg eit 16 km breitt sund. Øya er fjellkledd og det høgaste punktet er Poggio della Pagan med ei høgd på 496 moh. Øya er dekt av middelhavsvegetasjon med store furuskogar og fleire vingardar som produserer den kjende vinen Ansonaco. Kysten er 27 km lang, og består av klipper og fleire stemmningsvekkande bukter: Arenella, Cannelle, Caldane og Campese, den største bukta med ein liten landsby med same namn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya er truleg 4,5-5 millionar år gamal og har vore busett sidan jernalderen. Seinare vart ho truleg ein militær skanse for etruskarane. Under romartida var ho ein viktig base i Tyrrenhavet, til dømes nemnd av Julius Cæsar i De Bello Gallico og av diktaren Rutilius Claudius Namatianus.

I 805 vart ho donert av Karl den store til klosteret Tre Fontane i Roma og kom seinare inn under familiane Aldobrandeschi, Pannocchieschi, Caetani og Orsini og kommunen Perugia. I 1241 øydela den sicilianske flåten til keisar Fredrik II den genuesiske flåten. Frå 1264 kom Giglio inn under Reublikken Pisa og frå her gjekk ho seinare til Medici-familien. Ho vart råka av fleire åtak frå sarasenarane, som først gav seg i 1799.

I tillegg til historia har øya alltid vore kjend for gruvene sine. Mange søyler og byggverk i Roma vart bygd med granitt frå Gigilo.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Isola del Giglio har samband til Toscana mellom Porto Santo Stefano og Orbetello Scalo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Giglio