Gil Eanes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gil Eanes

Statsborgarskap Kongedømet Portugal
Fødd Lagos i Portugal
Død

15. hundreåret

Yrke oppdagar
Språk portugisisk
Gil Eanes på Commons
Gil Eanes

Gil Eanes (Eannes), Uttale IPA[ʒiɫ i'ɐnɨʃ], var ein portugisisk sjøfarar og oppdagar. Ein veit veldig lite om han, utaonom at han reiste på ymse ekspedisjonar på 1400-talet. Eanes var i tenesta til den portugisiske prinsen Henrik Sjøfararen. Med utgangspunkt i Lagos, la Eanes ut på ferder langs kysten av Afrika. På ei ferd i 1433 sigla han langs Vest-Afrika, og nådde Kanariøyane[treng kjelde].

Eanes er kjend som den fyrste til å ha sigla forbi Kapp Bojador og koma attende. Oppdaginga i 1434 av ei rute rundt Kapp Bojador markerte for alvor starten på portugisisk utforsking av Afrika. Før ferda til Eanes, trudde mange på ei segn om at havområda sør for Bojador skulle vera spesielt mørke og farlege. Eanes la i 1435 ut på ei ny ferd saman med Afonso Gonçalves Baldaia. Dei sigla kring 30 Légua terrestre (144 km), eller så langt som 50 Légua terrestre (240 km) sør for Kapp Bojador og nådde kysten av Afrika[treng kjelde].

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]