Gilbjerg Hoved

Koordinatar: 56°07′44.25″N 12°17′13″E / 56.1289583°N 12.28694°E / 56.1289583; 12.28694
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

56°07′44.25″N 12°17′13″E / 56.1289583°N 12.28694°E / 56.1289583; 12.28694

Gilbjerg Hoved

Gilbjerg Hoved på 56°7'40" nordleg breidde, eit lite stykke vest for Gilleleje, er det nordlegaste punktet på øya Sjælland i Danmark. Den rette lina over havet mellom Gilbjerg Hoved og Kullen (Kullaberg) i Höganäs kommun i Sverige er grensa mellom Øresund og Kattegat.[1]

Gilbjerg Hoved er ei sandstrand som det stig ein om lag 33 meter høg moreneformasjon opp frå, med ei steil og skoglaus skråning som på dansk er kalla ein klint. Langs kanten av denne skråninga eller klinten går det ein stig, Gilbjergstien, som fører frå Gilleleje til fritids- og sommarhusområdet Strand Esbønderup. Øvst på klinten står ein minnestein over Søren Kierkegaard med Kierkegaard-sitatet: «Hvad er sandhed andet end en leven for en idé».

Ein part av området kring Gilbjerg Hoved er freda på grunn av naturtilhøva[2] (ca. 25 ha), medan eit område på om lag 40 ha som femnar om Gilbjerg Hoved er peika ut som såkalla EU-habitatområde på grunn av sin karakter av særeigen naturtype: «klinter med vegetation langs de atlantiske kyster og Østersøkysterne».[3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]