Giles Farnaby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Giles Farnaby
Fødd ca. 1563, England
Død november 1640, London
Instrument virginal
Periode Renessansen og barokken
Sjanger Klavermusikk
Yrke Komponist

Giles Farnaby (fødd kring 1563, gravlagd 25. november 1640) var ein engelsk komponist og og virginalist i renessansen og barokken.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Giles Farnaby vart fødd kring 1563, kanskje i Truro i Cornwall i England eller nær London. Faren hans, Thomas, var borgar av London og Giles kan ha vore i slekt med Thomas Farnaby (ca. 1575–1647), den kjende skulemeistaren frå Kent. Men det var syskenbornet hans, Nicholas Farnaby (ca. 1560–1630), som kan ha fått han inn på musikk. Nicholas lagde virginalar, eit ord som på denne tida omfatta heile familien av plukka tangentinstrument: cembalo, virginal, muselar og kanskje klavikord og det er for desse instrumenta musikkverka til Farnaby er mest kjend. Som faren var Giles òg opplært som snikkar eller skapmakar, og starta læretida si kring 1583 og oppgav dette faget som yrket hans resten av livet.

Han gifta seg med Katherine Roane den 28. mai 1587 og budde først i soknet St. Helen's, Bishopsgate, i London. Paret hadde ei

Trass i den sosiale bakgrunnen hans, som ikkje gav mykje tid til universitetsutdanning, tok han eksamen ved University of Oxford den 7. juli 1592, og fekk bachelor i musikk. Dette var same dag som John Bull, hans samtidige komponist, òg fekk graden sin. Bull kjende openbart Farnaby og påverka musikkstilen hans mykje.

I 1602 flytta familien til Aisthorpe i Lincolnshire, der dei vart verande fram til minst 1610. Farnaby fekk ei stilling i husstanden til Sir Nicholas Saunderson i Fillingham, som musikklærar for borna hans. I 1615 hadde Farnaby flytta attende til London, der han døydde i 1640 og vart gravlagd 25. november.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Farnaby vert rekna som ein av dei største engelske virginalistane, i lag med William Byrd, John Bull, Orlando Gibbons, Peter Philips og Thomas Tomkins og fleire. I motsetnad til desse, er han den einaste som ikkje ser ut til å ha vore profesjonell musikar.

Dei mest kjende verka hans finst i Fitzwilliam Virginal Book, som inneheld 52 av stykka hans. Av desse finn ein 11 fantasiar, ei flott og teknisk krevjande variasjonssamling kalla Woody-Cock og korte stykke som Giles Farnabys Dreame, His Rest, Farnabyes Conceit og His Humour. Det finst òg fire stykke av sonen hans, Richard. I tillegg til klaververka, komponerte òg Farnaby madrigalar, canzonetar og salmar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]