Gilles Binchois

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Binchois (til høgre med harpe), saman med Guillaume Dufay

Gilles Binchois eller Gilles de Bins, fødd kring 1400, død 20. september 1460 i Soignies i Belgia, var ein fransk-flamsk komponist og ein av dei første innanfor stilretninga den flamske skolen, og er ofte nemnd saman med Guillaume Dufay. Stilane deira var elles svært ulike. Binchois har truleg hatt større påverknad enn Dufay, av di han vart meir skriven av og sitert av seinare komponistar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Binchois var truleg frå Mons, son av Jean og Johanna de Binche. Faren var rådgjevar for hertug Guillaume IV av Hainault. I 1419 vart han organist i Mons, og reiste til Lille i 1423. Etter minnemotetten Johannes Ockeghem skreiv over han seinare, skal han ha vore i hærteneste hjå hertugen av Burgund på denne tida, eller kanskje Jarlen av Suffolk. Kring 1430 vart han musikalsk leiar for kapellet i Burgund.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Det vert sagt at Binchois er ein av dei finaste melodikarane på heile 1400-talet. Stilen hans var tydeleg og klår, og svært lydarvenleg. Dette gjorde at han vart svært folkekjær. Ved eit høve skreiv han slik at hertug Filip den gode gret då han høyrde songen Dueil angoisseus.

Binchois skreiv mange sekulære songar, kjærleiksviser og riddarviser for hertugen av Burgund, attåt mykje musikk for kyrkja.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]