Neptune Range

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gillies Rock)
Neptune Range
fjellkjede
Land  Antarktis
Stad Coats Land
 - koordinatar 83°30′S 056°00′W / 83.500°S 56.000°W / -83.500; -56.000
Lengd 112 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Neptune Range
83°30′S 56°00′W / 83.5°S 56°W / -83.5; -56
Neptune Range is located in Antarktis
Neptune Range (Antarktis)

Neptune Range er ei fjellkjede, 112 km lang, som ligg vest-sørvest for Forrestal Range sentralt i Pensacolafjella i Antarktis. Fjellkjeda består av Washington Escarpment med tilknytte ryggar, dalar og toppar, Iroquois Plateau og Schmidt og Williams Hills. Ho vart oppdaga og fotografert den 13. januar 1956 under ein flytur over kontinentet under Operasjon Deep Freeze frå McMurdo Sound til Weddellhavet og attende.

Ho vart namngjeven av US-ACAN etter flytypen 2V-2N Neptune som vart nytta under denne flyturen. Heile Pensacolafjella vart kartlagde av USGS i 1967 og 1968 frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy i 1964.[1]

Fjell[endre | endre wikiteksten]

  • Astro Peak er ein fjelltopp, 835 moh, 1,5 km vest for Berquist Ridge. Det fekk dette namnet av US-ACAN fordi USGS oppretta ein astronomisk kontrollstasjon på toppen her i 1965-66.[2]
  • Mount Dasinger er eit fjell på 1360 moh, 11 km nordaust for Neith Nunatak nord i Neptune Range. Det vart kartlagd av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1956-66. Det vart namngjeve av US-ACAN etter løytnant James R. Dasinger i US Navy som var ved Ellsworth-basen vinteren 1958.[3]
  • Gillies Rock er ei isolert klippe som ligg 11 km nord for Mount Dasinger. Ho vart kartlagd av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1956-66. Klippa vart namngjeven av US-ACAN etter Betty Gillies, radiotelegrafist frå San Diego i California som fleire år frå 1969-70 ordna telefonkoblingar for mannskapa i Thiel Mountains, Pensacolafjella og andre stader i Antarktis.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Neptune Range». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 19. oktober 2012. 
  2. «Astro Peak». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 13. januar. 
  3. «Mount Dasinger». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 11. januar 2013. 
  4. «Gillies Rock». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 13. januar. 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Neptune Range» (innhald frå Geographic Names Information System).