Gillingham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gillingham

Mill Road, Gillingham
Mill Road, Gillingham
Mill Road, Gillingham
Plassering
Gillingham is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Kent
Distrikt Medway
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

102 385
Koordinatar 51°23′″N 0°33′″EKoordinatar: 51°23′″N 0°33′″E
Diverse annan informasjon
Postnummer ME7
Telefon-retningsnummer 01634
Commons har multimedium som gjeld: Gillingham

Gillingham er ein by i Kent i England. Han er ein av Medwaybyene, saman med Chatham og Rochester. Namnet kjem frå gammalengelsk, og tyder «bustaden til familien Gylla». Han er først nemnt på 900-talet under namnet Gyllingeham.

Historie[endre | endre wikiteksten]

normannerane invaderte i 1066 var Gillingham ein liten landsby. Vilhelm Erobraren gav han til halvbror sin Odo av Bayeux, som bygde soknekyrkja vigde til Evangelisten Markus og reiste eit palass for erkebiskopen av Canterbury.

I mellomalderen var bydelen Grange tilknytt Cinque Ports, og byen var i fleire hundreår ein viktig stad for britisk sjøfart. Chatham Dockyard ligg for det meste i Gillingham og ikkje i Chatham. Han vart grunnlagt av dronning Elisabeth I, og vart flytta til den noverande staden sin i 1622.

I 1667 segla ein nederlandsk flåte opp elva Medway og steig i land ved QueenboroughSheppey. Dei kringsette fortet ved Sheerness, og gjekk inn i Gillingham under det som er kjent som raidet ved Medway. Nederlenderne vart etterkvart drivne ut, men hendinga hadde då alt sterkt audmjuka den britiske flåten.

sjuårskrigen braut ut i 1756 beordra regjeringa straks at marineverftet skulle befestast, og innan [[1758] var Chatham Lines konstruert. Forsvarslinja var drygt halvannan kilometer lang, og strekte seg over halvøya som verftet ligg på frå Chatham Reach til Gillingham Reach. Batteria vende innover mot land for å stanse eit åtak frå den sida; frå sjøsiden var det alt nok kanonar på skipa og på landbatteri til å forsvare verftet.

I 1778 braut det ut krig med Frankrike igjen, og forsvarsanlegget vart forsterka. Fleire fort vart konstruert, både i Gillingham og Rochester. På 1800-talet vart det anlagt enno fleire fort. Som ei følgje av denne langvarige byggeaktivteten måtte ein skaffe heim til arbeidarane, og byen New Bromton sprang opp. Han hadde i 1851 omkring 9000 innbyggjarar, medan Gillingham enno var ein liten landsby. Etterkvart vart den gamle landsbyen innlema i New Brompton, og heile staden fekk namnet Gillingham.

I 1919 vart eit monument til minne om dei falne i første verdskrigen reist ved forsvarslinja. Den kvite obelisken er synleg på lang avstand. Endå eit monument vart reist etter i 1945, til minne om dei falne i andre verdskrigen.

Marineverftet var den viktigaste arbeidsgiveren, og då marinebasen vart nedlagt i 1984 førte dette til høg arbeidsløyse i Gillingham. Store delar av verftsområdet er no ein verdsarvstad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]