Gillingham i Dorset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gillingham

St. Mary the Virgin-kyrkja
St. Mary the Virgin-kyrkja
Plassering
Gillingham i Dorset is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Dorset
Distrikt North Dorset
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

9 323
Koordinatar 51°2′″N 2°16′″WKoordinatar: 51°2′″N 2°16′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer SP8
Telefon-retningsnummer 0 1747
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gillingham i Dorset

Gillingham er ein by i Dorset, England. Han er den nordlegaste byen til grevskapet, og ligg i Blackmore Vale i distriktet North Dorset. Byen ligg ved jernbanelinja mellom Exeter og London, og er nokre få kilometer frå hovudvegen A303.

Det eldste sporet etter menneskeleg aktivitet i området er ein gravhaug frå steinalderen. Det finst òg spor etter romersk busetjing frå 100- og 200-talet, men byen vart ikkje grunnlagt før i angelsaksisk tid.

Namnet Gillingham er kjent frå 900-talet, då det vart brukt i eit bycharter. I 1016 er han nemnt i samband med slaget ved Gillingham mellom Edmund II og danane. Domesday Book (1086) nemner han som Gelingham, og andre stavemåtar som er kjent er Gellingeham (1130), Gyllingeham (1152) og Gilingeham (1209). Namnet tyder «Bustaden til familien Gylla»; Gylla er eit saksisk mannsnamn, og viser truleg til ein lokal leiar omkring 600-talet.

I mellomalderen låg det ei kongeleg jakthytte i Gillingham, som vart vitja av blant anna Henrik I, Henrik II og Henrik III. I nærleiken låg ein kongeleg skog der det ikkje var tillate for andre å jakte på rådyr. Hytta forfall, og vart riven av Edvard III i 1369.

Gillingham vart eit senter for jordbruk, og fekk den første skulen i Dorset i 1526. Delar av soknekyrkja er frå det 1300-talet, men det meste av han er resultatet av ombygging på 1800- og 1900-talet. Det finst ei rekkje bygningar frå tudortida i byen. Ei silkemølle vart grunnlagt i 1769. John Constable sine måleri av den gamle bybrua er utstilt i galleriet Tate Britain.

I 1850-åra kom jarnbana, og dette førde med seg ny industri og velstand. Blant det ein produserte var teglsten, ost og såpe, og det vart òg starta trykkeri. Mot slutten av 1800-talet etablerte ein av dei første britiske produsentane av bensinmotorar i byen.

Under andre verdskrigen voks byen kraftig, på grunn av plasseringa ved jarnbana frå London. Då London og andre byar vart evakuerte i 1940 og 1941 var nemleg Gillingham ein av stadane mange reiste til. Sjølv om mange vende heim etter slutten til krigen var det òg mange som hadde mista heimane sine i dei større byane, og som difor vart verande. Jarnbana og nærleiken til A303 tyder at byen har mange innbyggjarar som pendlar til London.

Edward Rawson, som var første sekretæren for Massachusetts Bay Colony, var fødd i Gillingham.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]