Gimping

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gimping på ramme.

Gimping er ein handarbeidsmetode som går ut på å laga remser av garn og å setja desse saman. Slik kan ein mellom anna laga skjerf, sjal og grytelappar.

Utstyret som trengst er ein gimpegaffel og ei heklenål. Gimpegaffelen er forma om lag som ein U, men er flat i botnen. Garnet skal leggast rundt pinnane og heklast saman slik at det vert danna ei bord med løkker langs sidene. Som regel består eit arbeid av meir enn ei slik remse. For å festa desse til kvarandre kan ein anten dra løkker frå ei remse gjennom løkker på ei anna eller hekla remsene saman med ein ny tråd.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]