Gimsøystraumen

Koordinatar: 68°19′45″N 14°16′47″E / 68.32917°N 14.27972°E / 68.32917; 14.27972
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

68°19′45″N 14°16′47″E / 68.32917°N 14.27972°E / 68.32917; 14.27972

Frå Gimsøystraumen
Foto: Simo Räsänen

Gimsøystraumen er eit sund mellom Gimsøya og Austvågøya i Vågan kommune i Nordland. Sundet er om lag 18 kilometer langt og 1–5 kilometer breidt.

Sundet strekker seg frå Vesterålsfjorden mellom Titsneset i vest og Festvågneset i aust og sørover til Henningsværstraumen mellom Malnesodden i vest og Nordodden i aust. Sundklakkstraumen på vestsida av Gimsøya endar omtrent midtvegs i sundet. I austleg retning går to forgreiningar; den korte Sydalspollen og den lengre Olderfjorden.

På Gimsøya ligg grendene Vinje og Saupstad og ein vidare spreidd gardsbusetnad sørover langs fylkesveg 861. Moland ligg på Vestvågøy langs fylkesveg 815. Langs austsida ligg dei sju Straumanbygdene langs fylkesveg 864 og E 10. Det tidlegare ferjesambandet mellom Lyngvær og Smorten vart i 1981 erstatta av Gimsøystraumen bru.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Gimsøystraumen» i Store norske leksikon, snl.no.