Gina Krog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gina Krog i 1880-åra.

Gina Krog (20. juni 184714. april 1916), døypt Jørgine Anna Sverdrup Krog, var ein norsk kvinnesaksforkjempar.

Ho var fødd i Flakstad, der far hennar var prest. Han døydde før Gina kom til verda, og familien flytta så til Karmøy, i 1855 vidare til Christiania. I hovudstaden gjekk ho på Fru Autenrieths Pikeskole, sidan byrja ho i 1872 sjølv å undervise på Sylows skule.

Kring 1880 gav Krog opp læraryrket. Ho reiste i 1880 til England og gjorde seg kjend med kvinnesaksmiljøet på Bedford College i London. Frå då av var ho ein aktiv skribent for kvinnesaka i pressa.

Grava til Gina Krog på Vår Frelsers gravlund i Oslo

Krog vart leiande i den nasjonale kvinnerørsla som etablerte Norsk Kvinnesaksforening i 1884 og Kvindestemmeretsforeningen i 1885. Ho var formann i sistnemnde fram til 1898, då ho fekk skipa Landskvindestemmeretsforeningen. I 1904 fekk ho skipa Norske Kvinders Nasjonalraad, der ho var formann til ho døydde i 1916. Ho var redaktør i bladet Nylænde i perioden 1887-1916, kvinnesaksforeininga sitt medlemsblad. Gjennom dette organet, brosjyrar og foredrag var ho med og stridde fram både kommunal og statsborgarleg røysterett for norske kvinner, høvesvis 1910 og -13.

Sommaren 1905 bar Krog fram for Stortinget ein resolusjon med underskrifter frå over 250 000 norske kvinner til stønad for unionsoppløysinga. Same året skreiv ho Norway, eit skrift om den statsrettslege stoda i Noreg. Krog var den norske regjeringa sin representant i Den Internasjonale Røysterettsalliansen.

Krog døydde i Kristiania i 1916 og gravlagd på Vår Frelsers gravlund. Offisielle personar som stortingspresidenten, statsministeren og høyesterettsjustitiarius var til stades ved bisettingar.

Gina Krog var svigerinne til kvinnesaksforkjemparen Cecilie Thoresen og faster til forfattaren Helge Krog.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Aslaug Moksnes. Gina Krog - en høvding i kvinnekampen, kronikk i Aftenposten 6. juli, 1997